10.2. Å lage figurar

  1. GIMP er eigentleg ikkje laga for å brukast som teikneprogram. [3] Det er likevel fullt mogleg å lage teikningar anten slik det er omtalt i Del 10.1, «Å teikne ei rett linje» eller ved å bruka eit av utvalsverktøya slik me vil visa det her. Sjølvsagt finst det mange måtar å gjera det på, men me vil halda oss til dei enklare. Så, opprett eit nytt bilete og forsikra deg om at forgrunns- og bakgrunnsfargane er ulike.

  2. Figur 7.35. Å lage eit rektangulært utval

    Å lage eit rektangulært utval

    Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelutvalet.


    Grunnleggjande figurar som rektangel og ellipse er lette å få til ved hjelp av utvalsverktøya. Her vil me bruka rektangelutvalet som eksempel. Klikk på denne i verktøykassa og lag eit utval på teikninga di. Dette gjer du ved å klikka der du ønskjer det øvre, venstre hjørne av utvalet skal vera og flyttar musepeikaren (slik den raude pila viser på figuren Figur 7.35, «Å lage eit rektangulært utval») medan du held nede den venstre museknappen. Slutt når rektanglet er så stort som du vil ha det. Er du usikker på dette, kan du kikka nærare på Del 2, «Utvalsverktøya».

  3. Figur 7.36. Eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Skjermbiletet syner eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen.


    Når du har laga eit utval, kan du fylle dette medforgrunnsfarge ved hjelp av fyll-verktøyet , eller du kan teikna omrisset med kommandoen Strek opp utvalet i Rediger-menyen. Er du misnøgd med resultatet kan du berre fjerna utvalet.



[3] Prøv t.d.[INKSCAPE] for dette føremålet.