2.2. Lagmodus gjer lysare

«Gjer lysare»-gruppa inneheld lagmodus som gjer resultatet lysare.

Gjer berre lysare

Figur 8.15. Eksempel på lagmodus «gjer berre lysare»

Eksempel på lagmodus «gjer berre lysare»

Topplaget med 100 % dekkevne og «gjer berre lysare»-modus.


I modus Gjer berre lysare vert kvar komponent i kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande komponentar i det nedre laget. Den høgste verdien i kvar samanlikning vert brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga svart, vert det nye biletet identisk med det andre laget. Er det eine laget kvit, vert resultatet naturleg nok kvit.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i (unnateke for gjennomsiktige område i det nedste laget).

Luma/luminans gjer berre lysare

Figur 8.16. Eksempel på lagmodus «Luma/luminans gjer berre lysare»

Eksempel på lagmodus «Luma/luminans gjer berre lysare»

Topplaget med 100% dekkevne ved bruk av «Luma/Luminans Gjer berre lysare»-modus.


I modus Luma/luminans gjer berre lysare vert luminansen for kvar piksel i det øvre laget samanlikna med tilsvarande piksel i det nedre laget. Den høgste verdien i kvar samanlikning vert brukt i det nye biletet. Dersom det eine laget er einsfarga svart, har modusen ingen effekt. Er det eine laget kvitt, vert resultatet kvitt. Luma er den perseptuelle versjonen av luminans.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i (unnateke for gjennomsiktige område i det nedste laget).

Skjerm

Figur 8.17. Eksempel på lagmodus «skjerm»

Eksempel på lagmodus «skjerm»

Topplaget med 100 % dekkevne og «skjerm»-modus.


I Skjerm-modus vert verdiane av kvar av dei synlege pikslane i dei to laga inverterte. (Inverteringa vert gjort ved at kvar pikselverdi vert subtrahert frå 1,0). Dei inverterte verdiane vert så multipliserte med kvarandre og inverterte igjen. Resultatet vert som oftast lysare, men kan sjå noko «utvaska» ut. Dersom det eine laget er svart, vert resultatet som det andre laget. Er det eine laget kvitt, vert også resultatet kvitt. Mørke fargar har ein tendens til å verta meir gjennomsiktige.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.

Avskygging

Figur 8.18. Eksempel på lagmodus «avskygging»

Eksempel på lagmodus «avskygging»

Topplaget med 100% dekkevne brukar «Avskugging»-modus.


I modus Avskygging vert pikselverdien i det nedre laget dividert med den inverse verdien av pikselen i det øvre laget. Resultatbiletet vert som oftast lysare, men nokre fargar kan verta inverterte.

Avskygging er ein eigentleg ein fotografisk teknikk frå mørkerommet, og går ut på skygge av for lyset slik at deler av biletet vert litt mindre eksponert enn resten av biletet. Dette kan få fram fleire detaljar i skyggeområda. I GIMP får du denne effekten best fram når du nyttar teikneverktøya på gråskalabilete.

Addisjon

Figur 8.19. Eksempel på lagmodus «addisjon»

Eksempel på lagmodus «addisjon»

Topplaget med 100 % dekkevne og «addisjon»-modus.


Addisjon er ein av dei enkle modusane. Pikselverdiane i dei to laga vert lagt saman (adderte). Som regel vert resultatet eit lysare bilete. Likninga kan resultera i fargeverdiar større enn 1,0.

Metoden er kommutativ, dvs. at det er likegyldig kva rekkefølgje laga er i.