8.52. Kantgjennomsnitt

8.52.1. Oversyn

Figur 16.209. Eksempel på bruk av filteret «Kantgjennomsnitt»

Eksempel på bruk av filteret «Kantgjennomsnitt»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Kantgjennomsnitt»

Forgrunnsfarge i verktøykassa etter bruk av filteret «Kantgjennomsnitt»


Dette programtillegget finn ut kva for farge som er den mest brukte i ein spesifisert kant i det gjeldande laget eller utvalet. Det kan samla like fargar slik at dei vert dominerande. Den utrekna fargen vert forgrunnsfargen i verktøykassa. Dette filteret er interessant når du skal finna ein bakgrunnsfarge for ei nettside som avvik minst mogleg frå biletkanten. Handlingane til dette filteret vert ikkje registrert i Angre-loggen og kan ikkje angrast med Ctrl+Z: det endrar ikkje biletet.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar berre på RGB-bilete. Viss biletet er i gråtone eller er indeksert, er denne menyoppføringa slått av.

8.52.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FargarInfoKantgjennomsnitt….

8.52.3. Innstillingar

Figur 16.210. Innstillingane for filteret «Kantgjennomsnitt»

Innstillingane for filteret «Kantgjennomsnitt»

Kantbreidd

Kantbreidd i pikslar.

Talet på fargar

Filteret samlar fargane i større eller mindre «bøtter». Store bøtter betyr at filteret samlar mange liknande fargar i ei bøtte. Små bøtter betyr at filteret får mange bøtter til rådvelde, og kan såleis sortera fargane meir nøyaktig. I bøttestorleik bestemmer du kor store desse bøttene skal vera. Små bøtter gjev eit meir nøyaktig resultat, men dette treng likevel ikkje vere det same som eit betre resultat. Sjå eksempelet nedanfor.

8.52.4. Eksempel på bruk av filteret «Kantgjennomsnitt»

Figur 16.211. Originalbiletet

Originalbiletet

Det opphavlege biletet: Fargane er: rein raud (255;0;0), rein blå (0;0;255) og 4 ulike grøntoner (0;255;0, 63;240;63, 48;224;47, 0;192;38).


Figur 16.212. «Talet på fargar» er sett til 8:

«Talet på fargar» er sett til 8:

Resultatfargen vert raud (254,2,2).


Sidan bøttene er små, vert det mange av dei. Alle sjatteringar av ulike fargar kan verta lagra i ulike bøtter. Her er det mest farge i bøtta med raudfarge. Resultatfargen som vert lagt inn som forgrunnsfarge i verktøykassa er difor nesten reint raudt (254, 2, 2).

Figur 16.213. «Talet på fargar» sett til 64:

«Talet på fargar» sett til 64:

Resultatfargen er grøn (32,224,32)


I dette eksemplet er det brukt store, og difor få, bøtter. Fargar som liknar kvarandre (her grønt) vert lagra i same bøtta. Bøtta med grønt vert difor den med mest farge i. Dersom vi skriv fargane i heks-notasjon ser vi at alle fargane i den grøne bøtta har dei to mest signifikante bitane felles: (00******;11******;00******). Dei resterande 6 bits (merkja med *) kan ha kva verdi som helst. Sidan heks 111111 er det same som 63, betyr dette at fargeverdiane kan vera frå 0 til 63. I den grøne bøtta kan såleis raudkanalen vera mellom 0 og 63, grønkanalen mellom 192 og 255 og blåkanalen mellom 0 og 63. Resultatfargen er grøn (32,224,32). Dette er gjennomsnittet for grenseverdiane for kvar einskild kanal: (63 + 0)/2, (255+192)/2 , (63+0)/2. (Dersom du beherskar hex-notasjon, vert det faktisk meir forståeleg om du skriv alt i hex).