Dette filteret brukar ei Spatio Temporal Retinex-liknande innpakking med Stokastisk Sampling (STRESS). Algoritmane fungerer ved å rekna ut kvar piksel på nytt ved å bruka innpakking for lokale øvre og nedre grenser i biletet. Innpakkinga er gjort ved å jamna ut nabopikslar og kan tolkast som ein lokal maksimum og minimum referanse. Denne metoden kan brukast til lokal kontraststrekking, automatisk fargekorrigering, biletgjengjeving med høgt dynamisk område, fargespekterkartlegging i rommet og farge- til gråtonekonvertering med gode resultat.
Basert på Ø. Kolås, I. Farup, og A. Rizzi, «Spatio-temporal retinex-inspired envelope with stochastic sampling:A framework for spatial color algorithms», Journal of Imaging Science and Technology, vol. 55, no. 4, pp. 1–10, 2011.
Notat | |
---|---|
Filteret er sakte på store bilete. For å finna dei beste innstillingane kan du gjera eit lite, relevant utval for å prøva filteret og lagra innstillingane som forval før du brukar det på heile biletet. |
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Nabolaget som vert teke med for forbedring er ideelle verdiar nær den lengste sida av biletet (som kan vera anten breidde eller høgde). Å auka denne verdien gjer filteret treigare.
Kor mange prøver som skal takast ved kvar gjennomgang på jakt etter fargeområdet.
Kor mange gjentakingar. Mange gjentakingar gjer at det vert mindre støy i biletet, men gjer at filteret treng meir tid.
Når dette er slått på, vert også skuggeområda forbetra. Når det er slått av, vert resultatet meir naturleg.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».