Figur 16.200. Eksempel på fargeovergangskart
Eksempel på bruk av fargeovergangskart. Øvst: det opphavlege biletet. I midten: ein fargeovergang. Nedst: resultatet av å leggja fargeovergangen til biletet ved hjelp av filteret «Frå fargeovergang».
Dette filteret brukar den gjeldande fargeovergangen, den som er vist i verktøykassa, for å fargeleggja det gjeldande laget eller det gjeldande utvalet i biletet. Når du vil bruka filteret, hentar du først ein høveleg fargeovergang med dialogvindauget fargeovergangar. Deretter markerer du det området du ønskjer å forandra, og endeleg opnar du filteret. Dette filteret viser ingen dialogvindauge eller andre innstillingar, men køyrer automatisk. Filteret brukar lysverdiane i målbiletet slik at dei mørkaste områda får farge frå den venstre enden av overgangen, og dei lysaste områda frå den høgre sida. Pikslar med mellomliggande verdiar får dei mellomliggande fargane.