8.40. Fargelegg frå palett

8.40.1. Oversyn

Dette programtillegget byter ut fargane i biletet med fargar frå den gjeldande paletten vald via Palettdialogvindauget.

Kvar piksel i teikneområdet (laget, utvalet o.l.) får farge frå den gjeldande paletten ved at filteret reknar ut fargegløden for kvar piksel og brukar denne verdien for å henta den fargen som har tilsvarande indeksnummer i paletten. Ein svart piksel i biletet vil såleis få den første fargen i paletten, medan ein kvit piksel vil få den siste fargen. Filteret arbeider både på gråtone- og RGB-bilete, med og utan alfakanal.

8.40.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FargarKartPalettkart.

8.40.3. Eksempel

Figur 16.193. Den gjeldande paletten brukt på ein fargeovergang

Den gjeldande paletten brukt på ein fargeovergang

Den gjeldande paletten med 18 fargar

Den gjeldande paletten brukt på ein fargeovergang

Fargene til den gjeldande paletten er brukt på ein svart-til-kvit fargeovergang. Fargen med den lågaste indeksen i paletten (oransje) erstattar den svarte fargen i fargeovergangen. Fargen med den høgaste indeksen i paletten (raud) erstattar den kvite fargen i fargeovergangen. Dei andre fargane spreidde seg i rekkjefølgja på paletten.