3.5. Dialogvindauget for fargeovergangar

Figur 15.40. Dialogvindauget for fargeovergangar

Dialogvindauget for fargeovergangar

Dialogvindauget «Fargeovergangar» inneheld ein fargeovergangspalett som vert brukt for å velja eit fargeovergang – ​​eit sett med fargar sett opp i ein lineær skala – for bruk med fargeovergangsverktøyet og mange andre operasjonar. Det gjev deg også tilgang til fleire funksjonar for å handsama fargeovergangar. Du kan velja ein fargeovergang ved å klikka på han i lista: han vert då vist i området Pensel/mønster/fargeovergang i verktøykassa. Nokre få dusin fine fargeovergangar vert levert førehandsinstallerte med GIMP. Du kan laga fleire ved å bruka fargeovergangsredigering. Du finn generell informasjon om fargeovergangar og bruken av dei i bolken Fargeovergangar.

Dei fire første fem fargeovergangane er litt spesielle i og med at dei lagar ulike overgangar mellom den aktive forgrunnsfargen og den aktive bakgrunnsfarge.

3.5.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDialogvindaugeFargeovergangar,

  • frå fanemenyen eit anna dialogvindauge ved å klikka på fana og velja Legg til faneFargeovergang,

  • frå verktøykassa ved å klikka på den gjeldande fargeovergangen i området pensel/mønsterelement/fargeovergang (dersom du har merka av for «Vis aktive penslar, mønsterelement og fargeovergangar» i brukarinnstillingane.

  • Frå biletet med tastekombinasjonen Ctrl + G.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finna ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfta dialogvindauget for fagreovergangar frå hovudmenyen: VindaugeFargeovergangar.

3.5.2. Å bruke dialogvindauget for fargeovergangar

Den mest nærliggande bruken av dialogvindauget er å klikka på ein overgang for å gjera denne til den aktive fargeovergangen. Kva for ein fargeovergang som er aktiv, vert vist i verktøykassa.

Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein fargeovergang, kan du gje overgangen eit nytt namn dersom dette er ein overgang du har laga eller installert sjølv. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren av overgangen vil dette opna fargeovergangshandsamaren som kan brukast til å gjera forandringar i fargeovergangen dersom det ikkje er ein av dei førehandsinstallerte overgangane. Kanskje vert du litt frustrert over at du heile tida vert nekta å gjera forandringar? GIMP er sett opp slik at du ikkje får lov til å forandra det som kjem ferdiginstallert, berre det du lagar eller legg inn sjølv. Utanom fargeovergangane gjeld dette også penslar, mønsterelement osv. som vert lagt inn automatisk.

Rutenett/Liste-modus

Frå fanemenyen kan du velja om fargeovergangane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du Vis som tabell, får du opp ei liste med bilete av alle fargeovergangane. Dette kan sjå greitt ut, men det viser seg i praksis å vere vanskeleg å velja frå tabellen i og med at det er lett å verta forstyrra av dei andre visingane. Difor er visinga normalt sett til listeform, som er lettare å bruke.

Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.

Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar som kan brukast på ulike måtar:

Rediger fargeovergang

Trykk på denne knappen for å opna Fargeovergangshandsamaren.

Ny fargeovergang

Knappen opnar fargeovergangshandsamaren og opprettar ein ny enkel gråskala fargeovergang som du kan forandra etter behov. Sjølvlaga fargeovergangar vert automatisk lagra i den personleg mappa gradients i den personlege GIMP-katalogen. Overgangane i denne mappa vert lasta inn når du starter opp GIMP. Du kan velja å bruka andre mapper for denne lagringa ved å gå inn på brukarinnstillingane.

Kopier fargeovergangen

Lager ein kopi av den gjeldande fargeovergangen. Du kan redigere kopien, sjølv om du ikkje får lov å redigere originalen.

Slett fargeovergangen

Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerne alle spor etter den aktive fargeovergangen. Du vert bede om å bekrefta slettinga.

Oppdater fargeovergangane

Dersom du har lagt til fargeovergangar i den private mappa gradients på andre måtar enn med dette dialogvindauget, vil eit trykk på denne knappen lasta desse inn i dialogvindauget.

Alle funksjonane som vert utførte ved hjelp av desse knappane, kan også utførast frå sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar ein eller annan stad på lista over fargeovergangar eller via Meny for fargeovergangar i fanemenyen:

Figur 15.41. Menyen for fargeovergangar

Menyen for fargeovergangar

Denne menyen inneheld nokre ekstra funksjonar:

Lagra som POV-Ray…

Dette betyr at fargeovergangen vert lagra i eit format som vert brukt av POV-Ray 3D-ray-tracing program.

Kopier adressa for overgangen

Denne kommandoen vil kopiere den fullstendige adressa for overgangsfila over på utklippstavla. Du kan deretter lime inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.

Vis i filhandsamaren

Vis i filhandsamar: opnar adressa til fargeovergangen i standard filhandsamar.

Tilpass fargeovergang…

Denne kommandoen oppretter eit bilete fyllt med den gjeldande fargeovergangen. Du kan deretter bestemme høgde, breidde for biletet og retninga for fargeovergangen.

Lagra som CSS

Det vert brukt CSS (Cascading Style Sheets) for å formatera visinga av HTML- og XML-filer. Dette kan vera styring av bakgrunnsfarge, skrifttypar, fargeovergang i bakgrunnen osv. Programtillegget «CSS Save» er ein lineær CSS3-generator som gjev deg høve til å lagra ein CSS3-kodesnutt med data for ein bestemt GIMP-fargeovergang. Kodesnutten vert lagra som ei tekstfil som kan kopierast og limast inn i stilarket som vert brukt av HTML-fila og såleis få ein fargeovergangsbakgrunn når fila vert opna i ein av nettlesarane Firefox, Chrome og Safari. Denne CSS3-kodesnutten kan også brukast som ein fargeovergang i SVG-filer.

Her er eit eksempel på ein CSS3-kodesnutt som brukar fargeovergangen blå-grøn:

Ein CSS-kodesnutt laga med «Save as CSS». 


bakgrunnsbilete: lineær-fargeovergang(topp, rgb(0,123,255) 0%, rgb(72,226,255) 56 %,
     rgb(0,255,161) 100 %);
              

3.5.2.1. Tagging

Du kan bruke taggar for å reorganisere visinga av fargeovergangane. Sjå Del 3.7, «Tagging».

3.5.3. Fargeovergangshandhandsamaren

Figur 15.42. Rediger fargeovergangen

Rediger fargeovergangen

Fargeovergangshandhandsamaren vert brukt for å redigera fargane i fargeovergangar du har laga sjølv eller kopiert frå dei som følgjer med GIMP. Dei som høyrer til systemet, kan du ikkje gjera forandringar på.

3.5.3.1. Aktivering

Overgangshandsamaren er eit sjølvstendig dialogvindauget som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge («dokker»)». Du kan slå på dialogvindauget på fleire måtar:

  • ved å dobbeltklikka på fargeovergangen i dialogvindauget for fargeovergangar,

  • frå sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit namn i dialogvindauget «fargeovergangar»,

  • ved å klikka på knappen Rediger fargeovergang i dialogvindauget for fargeovergangar,

  • frå fargeovergangsmenyen som kjem fram når du klikkar på i dialogvindauget for fargeovergangar.

3.5.3.2. Skjermvising
Namn

Her kan du endra namnet på fargeovergangen slik det skal visast i lista over fargeovergangar.

Arbeidsområdet

Nedføre namnet der du det gjelande resultatet av arbeidet ditt. Viss du flyttar musepeikaren over denne visinga, fungerer han om lag som ein fargeplukkar. Informasjonen om pikselen under peikaren vert vist under området for førehandsvising og glidebrytaren.

Posisjon er eit tal mellom 0,000 til venstre og 1,000 til høgre på fargeovergangen. Nedanfor dette er fargeverdiane i RGB- og HSV- modus viste og deretter verdiane for Luminans og Dekkevne.

Dersom du klikker og drar på visinga, vert berre posisjonen og RGB-data vist. Fargen vert likevel overført til forgrunnsfargen i verktøykassa og til dei fire første fargeovergangane i lista. Held du nede tasten Ctrl-tasten vert fargen send til bakgrunnsfargen i verktøykassa.

Områdeveljarane og glidebrytarane

Under biletet av fargeovergangen finn du ein del svarte og kvite trekantar. Dei svarte trekantane viser skiljet mellom to segment, medan dei kvite trekantane vert brukte til å bestemma korleis fargane skal fordelast i segmentet. Dette er nokså likt slik den midtre glidebrytaren verkar i nivåverktøyet. Du vel eit bestemt segment ved å klikka ein eller annan staden på linja mellom dei svarte trekantane som definerer det. Du vil sjå at linja skifter farge. Du kan også velja fleire segment ved samstundes å halde nede Shift-tasten. Sidan dei markerte områda må vera samanhengande, vert også mellomliggjande område markerte dersom du hoppar over nokre. Også her er det slik at dersom det er kryssa av for «Oppdatering etter kvart» vert endringane synlege medan du utfører dei, elles må du venta til du slepp opp museknappen for å sjå resultatet.

Du kan flytta glidebrytarar, segment og markeringar. Viss du berre klikkar-og dreg ein glidebrytar, flyttar du berre den tilsvarande overgangen. Ved å klikka-og-dra på eit segment kan du flytta dette segmentet opp til neste trekant. Ved å Shift+klikk-og-dra på eit segment/utval kan du flytta dette segmentet/utvalet og komprimera/utvida dei neste segmenta.

Glidebrytaren

Glidebrytaren under trekantane vert brukt for å flytta fargeovergangen i vindauget. Brytaren er berre aktiv dersom du forstørrar visinga med knappane nedanfor.

Info-området

Nedanfor viser eit fargeskift fargen som musepeikaren peikar på. Informasjon om denne fargen og nyttige tips eller tilbakemeldingar kan verta siste her.

Knappar

Det er tre knappar nedst i dialogvindauget:

Forminsk

Klikk på denne knappen for å krympe visinga horisontalt.

Forstørr

Klikk på denne knappen for å utvida visinga vassrett. Bruk glidebrytaren for å vise utvalde område av overgangen.

Tilpass

Tilpassar visinga vassrett slik at ho passar akkurat i vindauget.

3.5.3.3. Menyen for fargeovergangshandhandsamaren

Figur 15.43. Menyen for fargeovergangshandhandsamaren

Menyen for fargeovergangshandhandsamaren

Du kan opna for å redigera fargeovergangar anten ved å høgreklikka på visinga av fargeovergangen eller ved å klikka på det øvste elementet i fanemenyen i dialogvindauget. Denne menyen let deg redigera fargen for endepunkta (gje farge på høgre og venstre kant), blande fargar, velja fargemodell og redigera segment. Denne redigeraren fungerer berre med fargeovergangar du har lagt inn sjølv eller med kopiar av systrmfargeovergangane.

Menyen inneheld desse postane:

Rediger fargen for sluttpunktet

Venstre/høgre farge

Ved hjelp av denne undermenyen kan du setja farge for endepunkta frå bakgrunn- og forgrunnsfargane i verktøykassa. Kvar gong du forandrar desse, vert også fargane for endepunkta endra. Dersom dette ikkje er ønskjeleg, kan du velja ein fast farge for endepunkta.

Menyen inneheld desse postane:

Fast

Fast

Forgrunnsfarge

Forgrunnsfarge

Forgrunnsfarge (gennomsiktig)

Forgrunnsfarge (gennomsiktig)

Bakgrunnsfarge

Bakgrunnsfarge

Bakgrunnsfarge (gjennomsiktig)

Bakgrunnsfarge (gjennomsiktig)

Farge for venstre/høgre endepunkt

Her vel du farge for endepunkta ved hjelp av fargehandsamaren.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er relatert til den føregåande, og er ikkje aktiv dersom du har vald andre verdiar enn Låst for den tilhøyrande venstre eller høgre fargetype.

Hent venstre/høgre farge frå

Figur 15.44. Undermenyen «Hent farge frå»

Undermenyen «Hent farge frå»

Denne menyen opnar for fleire alternativ for å fargelegga endepunkta. Dersom vi går ut frå at du skal hente farge til det venstre endepunktet (som synt på figuren), kan du velje mellom:

Høgre endepunkt for venstre nabo

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same fargen som det høgre endepunktet i segmentet like til venstre for det valde.

Høgre endepunkt

Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som det høgre endepunktet i same segmentet.

Forgrunnsfarge/Bakgrunnsfarge

Dette valet gjer at den gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfargen vist i verktøykassa vert tilordna endepunktet. Seinare endringar i desse fargane vil ikkje forandre fargane for endepunkta.

RGBA-postane

Nedst i menyen er det 10 «minnemerke». Du kan leggja til farge i desse ved å bruka vala i «lagremenyen» omtalt nedanfor. Dersom du vel eitt av punkta, vert fargen i punktet lagt inn i endepunktet.

Lagra Venstre/Høgre farge til

Desse vala vil legge fargen i det aktuelle endepunktet til det «minnemerket» som er merka i undermenyen.

Klikk og dra fargar

Du kan også klikke og dra ein farge frå for- og bakgrunnsfargane i verktøykassa eller frå ein palett

  • til eit sluttpunkt (ein svart trekant) for å setja venstre [høgre] fargar,

  • til visingsområdet for fargeovergangane for å legge til eit nytt sluttpunkt med denne fargen på begge sidene.

Fargeovergangar mellom segmenta

Blandemåte for segment

Med desse menyvala bestemmer du forma på overgangen. Forma vert bestemt med ein matematisk funksjon:

Lineær

Dette er normalfunksjonen. Fargen skifter lineært frå det eine endepunktet til det andre.

Bøygd

Fargen skifter raskare ved begge endepunkta enn ved midten.

Sinusforma

Omvendt av bøygd. Fargen skifter raskare ved midten enn ved endepunkta.

Sfærisk (aukande)

Fargeskiftinga er større på venstre side enn ved høgre side.

Sfærisk (minkande)

Fargeskiftinga er større på høgre side enn ved venstre side.

Steg

Fargeovergangar vert endra frå venstre verdi til høgre verdi i eitt steg utan mellomfargar.

Fargemodus for segment/område

Her kan du velje mellom kva for fargemodell som skal brukast for blandinga, RGB eller HSV.

Menyen inneheld desse postane:

RGB

RGB

HSV (kulør mot klokka)

HSV (kulør mot klokka)

HSV (kulør med klokka)

HSV (kulør med klokka)

Endre segmenta

Spegelvend segment/område

Denne kommandoen spegelvender det markerte området frå høgre til venstre.

Kopier segment

Denne kommandoen deler det markerte området i to like store delar. Kvar del er ein perfekt, samantrykt kopi av originalen.

Del segmenta ved midtpunkta

Denne kommandoen deler kvart segment i det markerte området ved den kvite trekanten.

Del segmenta likt

Dette er nokså likt den føregåande kommandoen, men deler kvart segment i to like store delar i staden for ved dei kvite trekantane.

Slett segment

Vel du denne, forsvinn alle segmenta i det markerte området. Det vert sett inn ein svart trekant i midtpunktet for det området som vart sletta. Segmenta på kvar side vert utvida til trekanten for å fylle den ledige plassen.

Sentrer midtpunkta for segmentet igjen

Dette valet flyttar den kvite trekanten til halvvegs mellom dei to tilhøyrande svarte trekantane.

Omfordel handtaka i segmentet

Dette valet fordeler dei svarte og kvite trekantane slik at det vert same avstand mellom dei.

Bland fargane

Dette valet er tilgjengeleg berre dersom meir enn eitt segment er markert.

Bland fargane for endepunkta

Dette valet er slått på berre dersom du har markert for meir enn eitt segment og lagar mjuke fargeovergangar mellom segmenta.

Bland dekkevne for endepunkta

Dette valet er slått på berre dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke overgangar for dekkevne mellom segmenta.

Rediger gjeldande fargeovergang

Når slått på, vil redigeraren for fargeovergangar automatisk last inn fen gjeldande fargeovergangen. Når slått av, vil han ikkje endra fargeovergang om den gjeldande fargeovergangen vert endra.

[Obs] Obs

Du kan ikkje angra det du gjer i fargeovergangsredigeringa, så ver forsiktig!

3.5.3.4. Brukseksempel for fargeovergangshandsamaren

Alle vala kan kanskje sjå litt overveldande ut. Her er eit eksempel som vonleg vil vise at det ikkje er så vanskeleg:

  1. Opna fargeovergangsdialogvindauget og klikk på knappen Ny fargeovergang . Vindauget for å redigera fargeovergangar vert opna med ein fargeovergang frå svart til kvit.

    Figur 15.45. Ny fargeovergang

    Ny fargeovergang

  2. Høgreklikk i den nye fargeovergangen og klikk deretter på Del segmentet i like delar i menyen som kjem fram. I den nye sprettoppmenyen som dukkar opp, bestemmer du kor mange segment du vil ha.

    Figur 15.46. Fargeovergang med tre segment

    Fargeovergang med tre segment

    Kvart segment er avgrensa med to svarte trekantar som også er glidebrytarar du kan ta tak i og flytta på. Du aktiverer eit segment ved å klikka på det. Held du samstundes nede Shift-tasten, kan du aktivera fleire segment etter kvarandre.


  3. I sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i fargeovergangen vel du Farge for venstre endepunkt og Farge for høgre endepunkt for det valde segmentet eller dei valde segmenta.

    Figur 15.47. Det første segmentet er farga

    Det første segmentet er farga

    Det venstre endepunktet er sett til raudt og det høgre til gult.


  4. Fortsett på same måten for dei andre segmenta. Opna deretter Blandefunksjon for segmenta i sprettoppmenyen og vel ein høveleg blandingsmåte.