12.7. Avrunda hjørne

12.7.1. Oversyn

Figur 17.262. Eksempel på bruk av filteret «Avrunda hjørne»

Eksempel på bruk av filteret «Avrunda hjørne»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Avrunda hjørne»

Eksempel på bruk av filteret «avrunda hjørne»


Dette filteret lagar avrunda hjørne på biletet. I tillegg kan du velja å leggja til slagskugge og eit bakgrunnslag.

Filteret kan arbeide både på RGB-bilete og gråskalabilete som inneheld eitt lag. Det opprettar ein kopi av biletet, men kan også arbeida på originalbiletet. Det brukar den gjeldande bakgrunnsfargen for å laga eit bakgrunnslag.

12.7.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorAvrunda hjørne….

12.7.3. Innstillingar

Figur 17.263. Innstillingane for filteret «avrunda hjørne»

Innstillingane for filteret «avrunda hjørne»

Kantradius

Dei avrunda hjørnene vert laga ved å avsetja ein kvartsirkel i kvart hjørne og deretter fjerna alt som ligg utanfor sirkelen. «Kantradius» er radius for denne sirkelen.

I eksempla nedanfor er filteret brukt på eit bilete på 100 × 100 pikslar og med varierande kantradius. Med radius sett til 50, vil dei fire kvartsirklane lage ein sirkel med diameter på 100, som passar nøyaktig inn i biletet. Det er mogleg å bruka radius større enn 50, men sjå kva som skjer:

Figur 17.264. Eksempel på kantradius

Eksempel på kantradius

Biletet er 100 × 100 pikslar, kantradius: 15 (standard).

Eksempel på kantradius

Kantradius: 35.

Eksempel på kantradius

Kantradius: 50.

Eksempel på kantradius

Kantradius: 65. Oi!


Legg til slagskugge

Når dette er avmerkt, vert det lagt til ein skugge bak biletet etter hjørneavrundunga.

X/Y-forskyving av skugge

X- og Y-forskyvinga bestemmer kvar skuggen vert lagt i høve til biletet. Forskyvinga vert målt i pikslar. Høge verdiar gjer at skuggen tilsynelatande vert lagt langt ut frå biletet, små verdiar at skuggen treff nær biletet.

Figur 17.265. Eksempel på bruk av skuggeforskyving

Eksempel på bruk av skuggeforskyving

X-forskyving = 8, Y-forskyving = 8 (normalinnstilllinga)

Eksempel på bruk av skuggeforskyving

Skugge X-forskyving: 16, Y-forskyving: 4.


Legg merke til at både skuggeforskyvinga og sløringsradiusen er avgrensa til bakgrunnsområdet.

Sløringsradius

Når det er merkt av for Legg til slagskuggekan du velja ein Sløringsradius som skal brukast av slagskugge-filteret. Biletet vert forstørra i begge retningane avhengig av sløringsradiusen og skuggeforskyvinga.

Legg til bakgrunn

Denne funksjonen er normalt aktivert og vil leggja eit bakgrunnslag fylt med gjeldande bakgrunnsfarge bak det gjeldande laget. Storleiken på laget vert bestemt av sløringsradiusen og skuggeforskyvinga.

Arbeid på kopi

Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Originalbiletet vere uforandra.