Figur 17.266. Eksempel på bruk av filteret «Gammalt foto»
Originalbiletet
Eksempel på bruk av filteret «gammalt foto»
Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit gamalt foto: litt sløra, ujamne kantar og bruntona med flekkar.
Viss denne er merkt, vert gaussisk sløring brukt for å gjera biletet litt uskarpt.
Figur 17.268. Eksempel på innstillingane for «gjer uskarpt»
«Gjer uskarpt» slått på
«Gjer uskarpt» slått av
Dersom du set kantbreidda til > 0, vert filteret ullen kant slått på for å laga ein kvit, ullen kant rundt biletet.
Viss slått på, vil denne funksjonen imitera eldinga til eit svart/kvit foto ved å leggja til variantar av ei bruntone i biletet, den såkalla sepiaeffekten. [11] Filteret gjer dette ved å avmetta biletet, redusere lysstyrke og kontrast og forandra fargebalansen. [12]
Når dette valet er merkt, vert det lagt inn prikkar i biletet.
Figur 17.269. Eksempel på innstillingane for «flekklegginga»
Flekklegging av eit einsfarga kvitt bilete (utan «Gjer uskarpt» og «sepia»)
Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Det opphavlege biletet vert ikkje endra.