Dette filteret gjer at biletet vert sjåande ut som eit lysbilde (dias) ved å leggja til ein svart kant rundt biletet med gripehol og merkelappar.
Om nødvendig vert biletet klipt for å passa inn i sideforholdet: 3 : 2. Viss biletbreidda er større enn bilethøgda, vert det lagt til svarte rammer oppe og nede i bletet, elles vert rammene lagt på høgre og venstre side. Du kan bestemma farge og skrifttype for teksten som kjem fram i rammene. Perforeringane vert teikna med den gjeldande bakgrunnsfargen.
Dette skriptet verkar berre på RGB-bilete og gråskalabilete med eitt biletlag. For andre format er menyoppføringa gråa ut.
Teksten som skal visast oppe og nede (eller høgre og venstre side) på ramma («filmen»). Det er lite plass, så teksten bør vera kort.
Her kan du skriva inn ein tekst for å simulera fortløpande tal. To tal vert viste: dette talet og dette talet med teiknet «A» lagt til.
Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for skrifttype for å velja skrifttypen for teksten på ramma.
Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for å velja farge på teksten.
Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Det opphavlege biletet vert ikkje endra.