4. Dialogar relaterte til biletbehandling

4.1. Bufferdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-20 KoSt

Figur 13.42. Bufferdialogen

Bufferdialogen

Bufferane er ei form for utklippstavle, og blir brukte som mellombels lager for biletdata som er laga ved å kopiere eller klippe ut deler av eller heile biletlag, masker eller andre teikneområde av biletet. Du kan lagra data til bufferen på to måtar, anten med RedigerBufferenKopier med namn eller med RedigerBufferenKlipp ut med namn. Ved begge metodane kjem det opp eit dialogvindauge der du kan skrive inn eit namn på bufferen. Dei einaste grensene for kor mange slike bufferar du kan lagra, er kapasiteten til maskinen din.

Bufferdialogen viser alle dei namngitte bufferane du måtte ha i maskinen. Øvst i dialogen blir innhaldet i den “globale bufferen” vist, men du kan ikkje gjere noe med denne. Dei andre bufferane kan du derimot bruke etter behov. Du kan legge dei inn i biletet ditt, eller sletta dei.

[Obs] Obs

Dei namngitte bufferane blir ikkje lagra til neste økt. Dersom du lukkar GIMP, forsvinn bufferane. Den einaste måten å bevara dei på, er å lagra dei i eit bilete.

4.1.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarBuffer

  • frå biletmenyen: DialogarBuffer

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneBuffer

4.1.2. Å bruke dialogen

Dersom du klikkar på ein buffer i dialogvindauget, blir han den aktive bufferen, dvs. den som blir brukt ved kommandoane i buffermenyen. Dersom du dobbeltklikkar på ein buffer, vil han bli limt inn i det aktive biletet.

Nedst i dialogvindauget er det fire knappar. Desse gjer akkurat det same som buffermenyen som kjem fram dersom du høgreklikkar på den aktive menyen.

4.1.2.1. Vis som tabell/liste

Figur 13.43. Bufferdialogen

Bufferdialogen

Dialogen på tabellform

Bufferdialogen

Dialogen på listeform


Frå fanemenyen kan du velje mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell og Vis som liste. Sjå i Seksjon 2.3, “ Dialogar og tavler korleis du kan tilpassa førehandsvisinga.

4.1.2.2. Knappane nedst i dialogvindauget

Nedst i dialogvindauget finn du fire knappar:

Lim inn buffer

Denne vil lime den aktive bufferen inn i det aktive biletet som ei flytande markering på same måte som når du bruker den vanlege Lim inn kommandoen.

Lim bufferen inn i markeringa

Denne vil lime den aktive bufferen inn i den aktive markeringa som ei flytande markering på same måte som når du bruker den vanlege Lim inn i kommandoen.

Lim bufferen inn som nytt bilete

Denne knappen opprettar eit nytt bilete med eitt biletlag og limer bufferen inn i dette biletet på same måten som når du bruker den vanlege Lim inn som ny kommandoen.

Slett bufferen

Denne knappen slettar den aktive bufferen utan varsling. Du kan likevel ikkje sletta den globale bufferen.

4.1.2.3. Buffermenyen

Figur 13.44. Lokalmenyen for dialogen “Buffer

Lokalmenyen for dialogen Buffer

Lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar på den aktive bufferen, inneheld dei same kommandoane som knappane.