4.2. Biletdialogen

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1980 $ 2007-03-20 KoSt

Figur 13.45. Biletdialogen

Biletdialogen

Biletdialogen viser ei liste med miniatyrar over alle bileta du har på skjermen. Denne lista er spesiell nyttig når du har mange bilete framme samstundes.

4.2.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøyskrinet: FilDialogarBilete

  • frå biletmenyen: DialogarBilete

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneBilete

4.2.2. Å bruke dialogen

Dersom du har vald “Vis som tabell” i fanedialogen, vil du finne namnet på det valde biletet øvst i dialogen. Har du derimot vald “Vis som liste”, vil namnet stå etter miniatyren.

Dersom miniatyrane blir viste på listeform, vil det aktive biletet bli markert ved at linja blir utheva. På tabellform blir det sett ei ramme rundt det aktive biletet. Dersom du klikkar på ein av miniatyrane, vil denne bli den som kommandoane verkar på. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren, vil dette biletet bli løfta opp til fremst på skjermen.

Vis som tabell/liste, storleik på miniatyrane

Som i alle dialogar med miniatyrar, kan du via fanemenyen bestemme korleis utlistinga skal sjå ut, og kor store miniatyrane skal vere. Sjå meir om dette under Dialogar og tavler.

Nedst i vindauget finn du tre knappar som verkar på det valde biletet.

Løft visinga av dette biletet

Løfter det valde biletet til fremst på skjermen, foran alle andre vindauge.

Opprett ei ny vising for dette biletet

Kopierer biletvindauget (ikkje biletet) for det valde biletet.

Slett biletet

Denne knappen er ikkje aktivisert.