Ved hjelp av rulleknappen kan du bla deg gjennom alle bileta du har opna tidlegare.
Knappen Opna den valde oppføringa kan brukast for å opna det valde bilete. Dersom du held nede Shift-tasten samstundes, vil biletet bli henta inn og sett fremst på skjermen. Held du nede Ctrl-tasten samstundes med at du trykker på knappen, blir dialogen “Opna biletet” opna.
Du kan bruke knappen Fjern den markerte oppføringa for å fjerne biletet frå lista. Biletet blir bare fjerna frå lista, ikkje frå lagringsmediet.
Bruk knappen Oppdater førehandsvisinga dersom det er gjort endringar. Dersom du samstundes held nede Shift-tasten, vil heile lista bli oppdatert. Den viktigaste bruken er kanskje likevel når du held nede Ctrl-tasten medan du trykkar på knappen. Då vil alle hengande oppføringar bli utelatne frå lista. Ei hengande oppføring er ei oppføring som er forsvunne frå den oppførte adressa, og altså ikkje kan lastast inn på nytt frå dokumentloggen.