Histogramdialogen viser informasjon om den statistiske fordelinga av fargeverdiane i det aktive laget. Denne informasjonen kan vere nyttig for å bestemma fargebalanse og lysverdiar for eit bilete. Dette er rein informasjon. Ingenting av det du gjer på dialogen har noe som helst innverknad på biletet. Dersom du har behov for å gjere histogrambaserte endringar på biletet, må du bruke Nivåverktøyet.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i seksjonen Dialogar og tavler. Du kan aktivere dialogen på to måtar:
frå menyen i verktøyskrinet:
→ →eller frå biletmenyen:
→I GIMP kan eit biletlag delast opp i ein eller fleire fargekanalar. Eit RGB-bilete har såleis ein kanal for kvar av fargane raud, grøn og blå, medan eit gråskalabilete har ein enkelt kanal som viser lysverdiane for kvar piksel. Dersom laget også har gjennomsikt, har det i tillegg ein alfakanal. Kvar kanal inneheld ulike intensitetsnivå. Desse kan ha heiltalsverdiar frå 0 til 255. Ein svart piksel har såleis verdien 0 i alle fargekanalane, medan ein kvit piksel har verdien 255 i dei same kanalane. Ein gjennomsiktig piksel har verdien 0, og ein ugjennomsiktig piksel verdien 255 i alfakanalen. Delvis gjennomsiktige pikslar har verdiar mellom desse.
For RGB-bilete er det praktisk å definera ein
“pseudokanal” i tillegg. Dette er ikkje ein verkeleg
fargekanal. Verdiane i denne kanalen er ikkje lagra direkte i
biletet, men blir sett saman ut frå fargeverdiane i biletet. Dette er
den verdien kvar piksel ville fått om du omforma biletet til
gråskalamodus ut frå formelen V = maks(R,G,B)
.
Du finn meir informasjon om kanalane i seksjonen Å arbeide med bilete.
Denne menyen bruker du for å bestemme kva for ein kanal som skal visast. Kva for val som er tilgjengelege er avhengig av lagtypen i det aktive laget. Dei ulike innslaga betyr:
Denne viser fordelinga av lysverdiar i eit bilete i RGB- eller gråskala-modus. For gråskalabiletet blir desse verdiane lese direkte frå biletet, medan dei for RGB-biletet blir tatt frå pseudokanalen verdi.
For eit indeksert bilete viser kanalen “Verdi” fordelinga av indeksane, altså kor ofte kvar av fargane i fargekartet er brukt i biletlaget. Strengt tatt er dette difor eigentleg ikkje eit histogram, men ei histogramliknande oppstilling.
Desse finst bare i biletlag frå bilete i RGB-modus. Dei viser fordelinga av intesitetsnivåa for kvar av kanalane raud, grøn og blå.
Denne viser fordelinga av gjennomsikt. Dersom laget er fullstendig ugjennomsiktig eller fullstendig gjennomsiktig, blir dette vist med ein enkel stolpe ved venstre eller høgre kant.
Dette menyvalet viser eit samla histogram sett saman av histogramma for R, G og B. Dette valet er sjølvsagt bare tilgjengeleg for bilete i RGB-modus.
Desse knappane styrer om histogrammet skal visast med lineær eller logaritmisk Y-akse. Som oftast bli lineær modus brukt på fotografi og dei fleste liknande bilete. Dersom biletet inneheld større einsfarga område, vil histogrammet ofte bli dominert av ein enkelt stolpe. Då kan logaritmisk vising gi eit betre inntrykk av fordelinga.
Du kan avgrensa området som skal brukast for statistikken nedst i dialogen på tre måtar:
Klikk og dra musemarkøren over det området, frå det lågaste nivået til det høgaste, av histogrammet som du vil ha med i analysen.
Klikk og dra dei kvite eller svarte trekantane på sleidene like under histogrammet.
Bruke talboksane. Den til venstre set nedre grense for området, den til høgre øvre grense.
Den nedre delen av dialogen viser litt statistikk over fordelinga av kanalverdiane i heile bietet eller avgrensa til det valde området. Du finn der verdiar for middelverdi, standardavvik og median for det valde området. Dessutan talet på pikslar i biletet og kor mange pikslar det er i det valde området og kor mange prosent desse utgjer av heile biletet.