10.45. Legg til i markering

Kommandoen Legg til i markering lagar ei markering frå pikslane i det aktive laget ut frå kor gjennomsiktige dei er. Ugjennomsiktige område blir fullstendig markerte, gjennomsiktige område blir fullstendig umarkerte, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis markerte. Den nye markeringa blir lagt til den eksisterande markeringa. Alfakanalen blir ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noe liknande, men i staden for å legge dei to markeringane saman, bytter dei anten ut den eksisterande markeringa med den nye, trekker den nye markeringa frå den eksisterande eller lagar ei ny markering som er eit snitt av begge.

10.45.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktLegg til i markering.

10.45.2. Eksempel

Figur 14.111. Bruk av “Legg til i markering

Bruk av Legg til i markering
Bruk av Legg til i markering

Den eksisterande rektangulære markeringa er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.