10. Menyen “Lag” i biletvindauget

10.1. Innleiing til menyen “Lag

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 1897 $ 2007-02-21 KoSt

Figur 14.76. Innhaldet i menyen “Lag

Innhaldet i menyen Lag

Dei ulike vala du har på Lagmenyen blir brukte når du arbeider på biletlaga. I tillegg til at du har tilgang på denne menyen frå biletmenyen, kan du få han fram ved å høgreklikke i biletet eller på miniatyren av laget i lagdialogen. Fleire av vala i denne menyen kan du også få fram ved å klikke på ulike knappar i lagdialogen. Dette gjeld for eksempel å endre storleik på laget, flette saman lag eller å forandre gjennomsikt for laget.

[Notat] Notat

Du kan finne andre menyar på menylinja utan at dei er omtalte her. Dette kjem av at dei ikkje er med i standardoppsettet for GIMP men er lagt inn av eitt eller anna programtillegg. Ønskjer du meir informasjon om slike menyar, må du leite i dokumentasjonen for programtillegget.