10.44. Alfa til markering

Kommandoen Alfa til markering lagar ei markering av alfakanalen, som inneheld kodene for gjennomsikt, i det aktive laget. Ugjennomsiktige område blir fullstendig markerte, gjennomsiktige område blir fullstendig umarkerte, medan delvis gjennomsiktige område blir delvis markerte. Den nye markeringa erstattar den eksisterande markeringa. Alfakanalen blir ikkje forandra.

Dei andre kommandoane i denne gruppa gjer noe liknande, men i staden for å erstatte den tidlegare markeringa med den nye, legg dei anten saman dei to markeringane, trekker den nye markeringa frå den eksisterande eller lagar ei ny markering som er eit snitt av begge.

10.44.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagGjennomsiktAlfa til markering

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

10.44.2. Eksempel

Figur 14.110. Bruk av “Alfa til markering

Bruk av Alfa til markering
Bruk av Alfa til markering

Den eksisterande rektangulære markeringa er erstatta med ugjennomsiktige pikslar frå det aktive laget.