10.2. Nytt lag

Kommandoen Nytt lag legg eit nytt, tomt lag inn i biletet like over det aktive laget. Når du trykker på kommandoen, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma storleik og fylltype for det nye laget.

10.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagNytt lag.

10.2.2. Beskriving av dialogen “Nytt lag

Figur 14.77. Dialogvindauget for “Nytt lag

Dialogvindauget for Nytt lag

Namn på laget

Her kan du skrive inn eit namn på laget. Namnet blir ikkje brukt til anna enn å gjere det lettare for deg å halde styr på dei ulike laga. Dersom du ikkje skriv inn noe her, vil det nye laget få namnet “Nytt lag”. Skulle du velje eit namn som er i bruk frå før, vil det bli lagt til eit tal, for eksempel “Nytt lag#1”, når du klikkar på knappen OK.

Breidde; Høgde

Dette bestemmer storleiken på det nye laget. Dersom forslaget som står i tekstboksane ikkje passer, kan du skrive inn nye tal eller bruke piltastane til høgre for tekstboksen.

Fylltype for laget

Du kan velje mellom fire ulike måtar å fylle laget: Med gjeldande Forgrunnsfarge, gjeldande Bakgrunnsfarge, Kvit eller Gjennomsiktig.