For at GIMP skal kunna vise nye penslar i penseldialogen, må penslane, anten du har laga dei sjølv eller du har lasta dei ned frå andre, lagrast i eit format som GIMP forstår og i ei mappe der GIMP kan finne dei. Deretter må du oppdatera penseldialogen, eller starta GIMP på nytt. I GIMP er det tre filformat som blir brukte til penslar:
Formatet .gbr
(“gimp
brush”) blir brukt for vanlege penslar og
for fargepenslar. Du kan konvertera mange biletformat, og penslar frå
andre program, om til penslar i GIMP ved å opna
dei i GIMP og deretter lagra dei med filendinga
.gbr
. Når du gjer dette, kjem det opp eit
dialogvindauge der du kan bestemme ein del av eigenskapane til denne
penselen. Ei meir utførleg beskriving av GBR-formatet kan du finne
i fila gbr.txt
i mappa
devel-docs
som skal følje med
kjeldedistribueringa av GIMP.
Formatet .gih
(“Gimp
Image Hose”) blir
brukt for mønsterpenslane. Desse blir laga frå bilete med mange lag.
Kvart lag kan innehalde fleire penselformer arrangert i eit rutenett.
Når du lagrar eit bilete som .gih
-fil, kjem det
opp eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del verdiar for
penselen. Sjå nærare om dette i
GIH dialogen.
GIH-formater er relativt komplisert. Du kan finne ei meir utførleg
beskriving av GBR-formatet i fila gbr.txt
i
mappa devel-docs
som skal
følje med kjeldedistribueringa av GIMP.
Formatet .vbr
blir brukt for parametriske
penslar, dvs. penslar laga med penselredigeringa. Det er elles
ingen andre meiningsfulle måtar å lage filer i dette formatet på.
For å gjere ein pensel tilgjengeleg, må han leggjast i ei av dei mappene
som GIMP søker i. Dette er til vanleg systemmappa
brushes
, som du ikkje bør gjere endringar i, og
brushes
-mappa i det personlege
område ditt for GIMP, som du bør bruke. Du kan også
legge nye mapper til søkevegen frå mappa penslar i instillingsdialogen som du
finn i hovudmenyen:
→ → ,
Alle filer som har endinga GBR, GIH eller VBR og som ligg i ein av
søkevegane til GIMP, vil bli viste i penselmenyen
neste gong du opnar GIMP, eller så snart du har
klikka på knappen i penseldialogen.
Notat | |
---|---|
Når du lager ein ny parametrisk pensel med penselredigeringa, vil
denne automatisk bli lagra i den personlege
|
Det finst utallege nettstader som du kan lasta ned penslar frå til bruk i GIMP. I staden for å setje opp ei lenkesamling, som likevel nokså snart vil bli for gammal, er det beste rådet å søke på nettet etter “GIMP penslar”, “GIMP brushes” eller noe liknande. Det finst også mange nettstader med penslar for andre teikneprogram. Mange, men ikkje alle, av desse penslane kan omformast til bruk i GIMP. Dei fleste prosedyrepenslane (“procedural brushes”) kan diverre ikkje nyttast i GIMP, same kor fancy dei måtte sjå ut. Skulle du ha bruk for slike penslar, kan du sjølvsagt likevel gjere eit forsøk på Internett, eller å finne ein ekspert som veit alt om penslar som passer for GIMP.