Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via
→ →Dette filteret gjer at ein del av biletet ser ut som det er sett gjennom ei sfærisk linse.
Førehandsvisinga syner endringane i biletet før dei blir lagt til i biletet ved å trykke på knappen OK.
Behald originalomgivnadane: Det ser ut som linsa blir halde over biletet.
Sett omgivnadane til bakgrunnsfargen: Den delen av biletet som er utanfor linsa får same fargen som bakgrunnsfargen sett i verktøyskrinet.
Lag omgivnadane gjennomsiktige: Den delen av biletet som er utanfor linsa blir gjennomsiktig. Dette valet er bare tilgjengeleg når biletet inneheld gjennomsikt.
Brytingsindeks for linsa: Linsa blir meir eller mindre konkav. Skala 1 - 100.