10.27. Automatisk beskjering

Kommandoen Automatisk beskjering finn sjølv ut korleis biletet skal beskjerast. Dette i motsetnad til beskjeringsverktøyet som lar deg Bestemma kva for deler av biletet som skal skjerast bort.

Kommandoen ser etter størst mogleg einsfarga område rundt ytterkantane av laget og fjernar deretter dette området. Teknikken er å skanne laget langs ei vassrett linje og ei loddrett linje heilt til han finn ein annan farge, uavhengig av kor gjennomsiktig denne fargen er.

Kommandoen er kanskje mest nyttig når teikneobjektet forsvinn i ein stor, einsfarga bakgrunn.

10.27.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagAutomatisk beskjering.

10.27.2. Eksempel

Figur 14.101. Eksempel på bruk av “Automatisk beskjering

Eksempel på bruk av Automatisk beskjering

Originalbiletet

Eksempel på bruk av Automatisk beskjering
Eksempel på bruk av Automatisk beskjering

Kommandoen utført

Eksempel på bruk av Automatisk beskjering