3.13. Kombiner

3.13.1. Oversyn

Figur 15.44. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet (Separert RGB)

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Kombiner


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarKombiner

Dette filteret set saman eit bilete frå dei einskilde komponentane (RGB, HSV osv.) laga ved hjelp av filteret Separer.

3.13.2. Innstillingar

Figur 15.45. Innstillingane for filteret “Separer

Innstillingane for filteret Separer

Set saman kanalane

Her bestemmer du kva fargemodell som skal brukast. Du finn nærare forklaringar på neste side under filteret Separer.

Kanalrepresentasjon

Her bestemmer du kva for kanal som skal påverka dei ulike biletkanalane.

[Tips] Tips

Du kan få mange interessante fargar dersom du bruker ulike fargemodellar når du deler opp og set saman igjen eit bilete. For eksempel at biletet blir separert som RGB og sett saman att som LAB. Bare prøv!