3.12. Separer

3.12.1. Oversyn

Figur 15.43. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Biletet separert som RGB


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarSeparer

Dette filteret lager eit biletlag av kvar fargekanal i biletet. Kva desse kanalane inneheld, er avhengig av kva system (RGB, HSV, CMYK osv.) du bruker. Du kan bearbeide kvart lag for seg og deretter eventuelt setje dei saman igjen med filteret Kombiner.

3.12.2. Innstillingar

Del opp til lag

Dersom det er markert for dette valet, vil det bli laga eit nytt gråskalabilete sett saman av tre lag. Kvart av laga representerer ein av kanalane i vald modus (RGB, HSV osv.). Dersom dette valet ikkje er avmerka, blir det i staden laga tre separate bilete med ulike namn.

I beskrivingane under er “Del opp i lag” markert som aktiv.

RGB-separasjon

Dersom det er merka av for RGB, blir det oppretta eit nytt gråtonebilete sett saman av tre lag (raud, grøn og blå) og to kanalar (grå og alfa).

Denne funksjonen kan vere interessant mellom anna saman med terskelverktøyet. Vidare kan du utføre ulike operasjonar som for eksempel å beskjere, lime inn i eller flytte ein av kanalane. Endeleg kan du bruke eit lag som ei markering eller maske ved å lagra det i ein kanal.

RGBA-separasjon

Dette er det same som RGB, men det blir i tillegg laga eit alfalag med gjennomsiktsverdiar frå kjeldebiletet. Heilt gjennomsiktige pikslar er svarte og heilt ugjennomsiktige pikslar er kvite.

HSV-separasjon

Denne funksjonen deler biletet i tre gråskalalag, eit lag for kulør, eit for metning og eit for verdi.

Kanskje litt merkeleg å tenke Kulør som gråskala, men laget representerer likevel ulike kulørar. I fargesirkelen er kvit og svart start- og sluttpunktet. Desse representerer raudfarge. Mellomliggjande grånivå tilsvarar mellomliggjande fargar på fargesirkelen slik at mørk grå tilsvarar oransje, mellomgrå tilsvarer grønt og lysegrå tilsvarer magentaraud.

Metning og Verdi: Kvit representerer maksimal metning, dvs. rein farge og maksimal verdi, dvs svært lyst. Motsett representerer svart minimum metning, dvs. kvit farge og minimum verdi, dvs svart.

CMY-separasjon

Med dette valet blir biletet delt opp i tre gråskalalag, eit for gult, eit for magentaraud og eit for cyanblå.

Kan vere aktuell for å omforma biletet slik at det kan behandlast i programvare som har støtte for CMY for trykking av bilete.

CMYK-separasjon

Dette valet er det same som CMY-separasjon med eit ekstra lag for svart

Kan vere aktuell for å omforma biletet slik at det kan behandlast i programvare som har støtte for CMYK for trykking av bilete.

Alfa-separasjon

Dette valet lager eit ekstra bilete ut frå data for gjennomsikt lagra i alfakanalen i Kanaldialogen. Ein fullt gjennomsiktig piksel blir svart og ein fullstendig ugjennomsiktig piksel blir kvit. Delvis gjennomsikt blir representert med ulike gråtoner.

LAB-separasjon

Også med dette valet blir det laga tre gråskalalag. Laget "L" ut frå lysstyrke (luminans), laget "A" ut frå fargar mellom raud og grøn og laget "B" ut frå fargane mellom blå og gul.

LAB er ein fargemodell i familien Luminans - farge. To kanalar blir brukte for å styre farge og ein kanal styrer lysstyrken. Dette er ein fargemodell som blir brukt av Photoshop.

YCbCr-separasjon

Fargemodellane YCbCr og YUV blir brukt for digital video, men blei først utvikla for PAL analog video. Modellen bygger på at auget vårt er mest følsamt for lysstyrken, deretter ulike fargar. YCbCr-separeringa blir utført ved hjelp av ei matrise med verdiar tilrådd av ITU (International Telecommunication Union) .