3.8. Fargeovergangskart

3.8.1. Oversyn

Figur 15.32. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarKartFargeovergangskart

Dette filteret bruker den aktive fargeovergangen, den som er vist i verktøyskrinet, for å fargelegge det aktive laget eller den aktive markeringa i biletet. Når du vil bruke filteret, henter du først ein høveleg fargeovergang frå dialogen Fargeovergangar. Deretter markerer du det området du ønskjer å forandra, og endeleg opnar du filteret. Dette filteret viser ingen dialog, men køyrer automatisk. Filteret bruker lysverdiane i målbiletet slik at dei mørkaste områda får farge frå den venstre enden av overgangen, og dei lysaste områda frå den høgre sida. Pikslar med mellomliggande verdiar får dei mellomliggande fargane.