3.9. Kanalmiksar

3.9.1. Oversyn

Figur 15.33. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret “Kanalmiksar


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterFargarKanalmiksar

Dette filteret kombinerar verdiane for RGB-kanalane. Det verkar på bilete med og utan alfakanal. Filteret har også modus for einsfarga bilete og førehandsvising.

3.9.2. Innstillingar

Figur 15.34. Innstillingane for filteret “Kanalmiksar

Innstillingane for filteret Kanalmiksar

Utkanal

Her bestemmer du kva kanal resultatet skal leggast inn i. Du kan velje mellom raud-, grøn- eller blå-kanalen. Menyen er ikkje aktiv dersom du har kryssa av for Monokrom nedanfor.

Raud, grøn, blå

Desse glidebrytarane bestemmer fordelinga av raud, grøn og blå i blandinga. Skalaen for kvar av brytarane går frå -200 til 200, og viser kor mange prosent av fargen som skal brukast i resultatkanalen. 100 % tilsvarar verdien av den aktuelle pikselen i fargekanalen. Sjå også eksemplet nedanfor.

Monokrom

Denne omformar RGB-biletet til eit gråskala RGB-bilete. Ofte gir kanalmiksaren eit betre resultat enn dei andre måtane som kan brukast for å lage gråskalabilete. Sjå meir om gråskala i ordlista. Dersom dette valet er aktivisert, vil menyen Utkanal vere inaktiv.

Bevar lysverdi

Dersom denne er avkryssa, vil biletet behalda lysverdiane uavhengig av innstillingane på glidebrytarane.

3.9.3. Knappane

Opna

Laster innstillingane frå ei fil.

Lagra

Lagrar innstillingane til ei fil.

3.9.4. Korleis verkar kanalmiksaren?

I farge-modus

Dette er aktiv modus når det ikkje er merka av for Monokrom. Du må då velje Utkanal, dvs. den kanalen som resultatet blir overført til. I dialogvindauget blir fargeverdien sett automatisk til 100, tilsvarande den fargeverdien kanalen har i biletet. Du kan likevel auke eller minske mengda av denne fargen. Det er difor skalaen går frå -200 til +200.

Kvar av dei tre glidebrytarane bestemmer kor mange prosent kvar av fargane skal ha i høve til slik fargane er representerte i originalbiletet. Verdien kvar av pikslane i den aktuelle kanalen vil få blir utrekna i høve til denne prosentverdien før han blir overført til utkanalen. Her er eit eksempel:

Figur 15.35. Originalbiletet med kanalane

Originalbiletet med kanalane

Her er vist RGB-verdiane for pikslane i den raude, grøne og blå ruta. Verdiane kan ikkje bli negative, dvs. mindre enn 0, eller større enn 255. Det svarte rektanglet er spesielt fordi svart (0;0;0) ikkje blir behandla av filteret. (0 multiplisert med eit tal blir alltid 0).


Figur 15.36. Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50.

Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50.

Pikselverdiane i den raude ruta er 230; 10; 10. Prosentsatsane på glidebrytarane er sett til 100; 50; 0 for raud, grøn og blå. I utrekninga blir prosenttala dividerte med 100. Tala på glidebrytarane blir altså omforma til 1; 0,5 og 0. Verdien av raud i utkanalen blir summen av raudt i raudkanalen + raudt i grønkanalen + raudt i blåkanalen, alle multipliserte med respektive prosenttal. Altså: raud-ut = 230 × 1 + 10 × 0,5 + 20 × 0 = 235. Sidan raud er ut-kanal blir ikkje kanalane grøn og blå forandra.

I den grå ruta, som også inneheld raud, gir utrekninga eit tal høgare enn 255, og blir difor sett til 255. I dei tilfella der talet blir negativt, blir verdien sett til 0.


Figur 15.37. Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50. Valet “Behald lysverdi” er aktivert.

Raud er sett som utkanal. Grøn kanal til +50. Valet Behald lysverdi er aktivert.

Verdien for raud er nå lågare enn i førre eksemplet. Biletet er altså lysare.


Monokrom modus

Når denne er aktivert, vil førehandsvisinga skifte til gråskala, men biletet er framleis eit RGB-bilete med tre kanalar. Først når du trykker OK-knappen blir biletet omforma til gråtone.

Figur 15.38. Monokrom aktivert. Behald lysverdi ikkje aktivert. Raud:100 %, grøn: 50 % og blå: 0%.

Monokrom aktivert. Behald lysverdi ikkje aktivert. Raud:100 %, grøn: 50 % og blå: 0%.

I kvar av rutene er pikslane omforma til grånivå lik verdien av raudkanalen i originalbiletet. (Bakgrunnen er farga rosa for å gjere dei kvite rutene synlege).


Behald lysverdi arbeider slik i monokromatisk modus (fritt sitert etter forfattaren av programtillegget si beskriving): “ Anta at glidebrytarane er sett til 75 % raud, 75 % grøn og 0 % blå. Monokrom er på og Behald lysverdi er av. Resultatet blir då 75 % + 75 % + 0 % = 150 %, altså eit svært lyst bilete. Ein piksel med for eksempel verdien R; G; B = 127; 100; 80 vil ende opp med verdien 127 × 0,75 + 100 × 0,75 + 80 × 0 = 170 for kvar kanal. Dersom Behald lysverdi er aktivisert, vil kvar glidebrytar bli skalert slik at dei alltid endar opp med 100 %. I dette eksemplet vil konstanten bli 100 / (75 + 75 + 0) = 0,667. Pikselverdien rekna ut ovanfor blir altså endra til 170 × 0,667 = 113. Behald lysverdi sørger altså for at verdiane for glidebrytarane alltid ender opp med 100 %. Dette betyr at merkelege ting kan hende når brytarane har store negative verdiar.

[Notat] Notat

Kva kanal bør endrast?: Dette er heilt avhengig av kva du ønskjer å gjere. I prinsippet passar raudkanalen best for endringar i kontrast. Grønkanalen er god på detaljerte endringar medan den blå kanalen som oftast er best på endringar i støy og korning. Kanskje ein ide å også kikke litt på filteret Separer.

[Notat] Notat

Fordelinga 30 %, 59 %, 11 % gir dei same grånivåa som valet gråskala i menyen BileteModus, som er fjerna i GIMP 2.4.