9.4. Lyseffektar

9.4.1. Oversyn

Figur 15.118. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Lyseffektar


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLyseffektarLyseffektar

Filteret simulerer effekten av å lyse opp deler av biletet med opp til 6 spotlys. Filteret lager inge skyggar, og kan heller ikkje brukast til å få fram detaljar i mørke område.

9.4.2. Innstillingar

Førehandsvising

Når det er merka av for Interaktiv, blir innstillingane viste etter kvart i miniatyren utan å påverka det endelege biletet. Filteret blir overført til biletet først når du trykker på OK-lnappen.

Dersom Interaktiv ikkje er avmerka, blir innstillingane synlege i miniatyren først når du trykker på knappen Oppdater. Denne innstillinga er stort sett bare aktuell dersom biletbehandlinga av ein eller annan grunn går merkbart tregt på datamaskinen du bruker.

Generelle innstillingar

Figur 15.119. Generelle innstillingane for filteret “Lyseffektar

Generelle innstillingane for filteret Lyseffektar

Gjennomsiktig bakgrunn

Gjennomsiktig bakgrunn: Lager alle svarte punkta i biletet gjennomsiktige. (Alle biletpunktkoplingar med høgde 0, dvs. svart, blir sett til gjennomsiktige).

Lag nytt bilete

Lag nytt bilete: Lager ein kopi av biletet når filteret blir lagt til i biletet.

Førehandsvis i høg kvalitet

Førehandsvis i høg kvalitet: Dette er normalinnstillinga, men kan slåast av dersom datamaskinen av ein eller annan grunn arbeider sakte.

Lys

Figur 15.120. Innstillingane for “Lys” i filteret “Lyseffektar

Innstillingane for Lys i filteret Lyseffektar

I denne fanen kan du setje ulike parametrar for dei separate lyskastarane Lys 1, 2,...6.

Type

Denne knappen opnar for ein meny med følgjande val:

Punkt: Markerer effekten med eit blått punkt på førehandsvisinga. Du kan dra dette punktet dit du ønskjer.

Retta: Det blå punktet er lenka til sentrum av førehandsvisinga for å vise retninga på lyset.

Ingen: Sløkker denne lampa.

Farge

Farge: Klikk på fargeruta for å få fram ein fargedialog som kan brukast til å velje lysfarge.

Intensitet

Blir brukt for å bestemma lysstyrken.

Posisjon

Posisjon: I staden for å posisjonere lyspunktet med musepeikaren, kan du skrive inn koordinata i dei tre rutene i eit tredimensjonalt koordinatsystem. X for horisontal posisjon, Y for vertikal posisjon og Z for avstand frå biletet til lyskjelda. Hugs at lysmengda avtar når avstanden aukar.

Retning

Også retningen frå lyskjelda til midten av biletet blir bestemt i eit tredimensjonalt koordinatsystem, med dei tre aksane X, Y og Z.

Isoler

Når lampa er isolert, lyser denne åleine. Dei andre lysa er sløkte. Kan vere nyttig for å finjustere lyskastaren.

Belysningsføreval

Har du kome fram til noen vellukka innstillingar, kan du lagra desse ved å trykke på knappen Lagra for å hente dei inn igjen seinare ved å trykke på knappen Opna. Begge knappane opnar høvelege dialogvindauge for handlinga.

Materiale

Figur 15.121. Innstillingane for “Materiale” i filteret “Lyseffektar

Innstillingane for Materiale i filteret Lyseffektar

Innstillingane her påverkar ikkje lyskastarane med det lyset som blir reflektert frå objekta i biletet.

Små kuler i kvar ende av innskrivingsboksane representerer handlinga for kvar innstilling. Hjelpteksten som dukkar opp når du held musepeikaren over innskrivingsboksen er truleg til meir nytte enn kulene.

Glød

Her stiller du inn kor mykje originalfarge som skal visast der det ikkje fell direktelys frå lyskastaren.

Lysmengde

Her stiller du inn intensiteten til originalfargen når han blir opplyst av lyskastaren.

Glans

Her stiller du inn intensiteten til høglysa.

Polert

Her stiller du inn glansen i høglysa.

Metallisk

Aktiver denne for å gi metallglans i overflatene.

Biletpunktkopling

Figur 15.122. Innstillingane for “Biletpunktkopling” i filteret “Lyseffektar

Innstillingane for Biletpunktkopling i filteret Lyseffektar

I denne fanen kan du setje opp filteret slik at det gir relieffverknad i biletet. Sjå meir om dette i ordlista under Biletpunktkopling.

Aktiver biletpunktkoplinga

Når dette valet er aktivert, vil lyse område i biletet sjå ut som dei er framheva medan mørke punkt ser ut til å vere tilbaketrekte. Verknaden er avhengig av plasseringa av lyskjelda.

Punktkopla bilete

Punktkopla bilete: Her kan du opna kva lag eller markering i biletet som skal brukast som grunnlag for koplinga. Legg merke til at teksturen blir laga på grunnlag av gråtonane i biletet.

Kurve

Denne knappen opnar for ein meny med følgjande val: Lineær, Logaritmisk, Sinusforma og Kuleforma. Du finn meir om dette i avsnittet om Biletpunktfiltra.

Maksimal høgde

Maksimal høgde: Dette er den tilsynelatande høgda på uthevingane i relieffet.

Omgivnadskopling

Figur 15.123. Innstillingane for “Omgivnadskopling” i filteret “Lyseffektar

Innstillingane for Omgivnadskopling i filteret Lyseffektar

Aktiver kopling til omgivnadane

Med denne kontrollen aktiverer du omgivnadskoplinga og dei tilhøyrande eigenskapane:

Omgivnadsbilete

Her kan du opna kva for bilete eller lag eller markering i biletet som skal brukast som grunnlag for koplinga. Legg merke til at biletet må vere i RGB-modus.