9.5. Lysglimt

9.5.1. Oversyn

Figur 15.124. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Lysglimt


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterLyseffektarLysglimt

Dette filteret legg lysglimt i dei lysaste punkta i biletet ut frå ein grenseverdi du har lagt inn. Det kan vere vanskeleg å sjå kvar desse lysglimta vil dukke opp i biletet, men du kan styre det ein del ved å teikne kvite punkt der du ønskjer desse funklande glimta.

9.5.2. Innstillingar

Figur 15.125. Innstillingane for filteret “Lysglimt

Innstillingane for filteret Lysglimt

Førehandsvising

Dersom denne er tilgjengeleg, vil innstillingane du gjer bli viste i førehandsvisinga.

Grense for lysstyrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein skala frå 0,0 til 0,1 kor lyse områda må vere for å bli påverka av lyseffekten.

Lysintensitet

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 0,0 til 1,0 breidda på det sentrale lyspunktet og på strålen.

Strålelengde

Med denne glidebrytaren bestemmer du på ein relativ skala frå 1 til 100 lengda på strålane. Når du reduserer lengda, blir dei små stjernene påverka først.

Strålepunkt

Her bestemmer du kor mange lange strålar, frå 0 til 16, det skal vere i kvart lysglimt. Det blir også like mange av dei mellomliggande korte strålane. Når talet er eit oddetal, blir ein kort stråle sett motsett av ein lang stråle. Er talet eit partal, blir dei lange strålane sett motsett av kvarandre.

Strålevinkel

Dette er vinkelen, 0° til 360°, til den første strålen i høve til vassrett. Verdien -1 gjer at vinkelen blir vald tilfeldig.

Stråletettleik

Dette talet bestemmer kor stor prosentdel (0,0 til 1,00) av dei moglege punkta i biletet som skal bli til lysglimt. Tala blir avrunda slik at t.d. 10 % (0,10) av 6 moglege punkt blir eitt punkt.

Dekkevne

Med minskande dekkevne blir lysglimta meir og meir gjennomsiktige slik at fargane i eit eventuelt underliggande lag blir meir synlege, eller lysglimtet mindre synleg.

Tilfeldig kulør

Som namnet seier, får strålane tilfeldig farge.

Tilfeldig metning

Gir ei tilfeldig metning av strålefargen.

Behald lysverdi

Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den lysaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet blir lysare.

Inverter

Set alle pikslane i den sentrale delen av stjerna til lysverdien til den mørkaste pikselen. Dette gjer at heile lysglimtet blir mørkare.

Legg til kant

I staden for å lage lysglimt i dei lysaste punkta i biletet, blir det laga ei ramme av lysglimt rundt biletet.

Naturleg farge, forgrunnsfarge, bakgrunnsfarge

Desse vala bestemmer fargen på den midtre delen av stjerna. Fargen blir lagt til i skjerm-modus, eller multipliser-modus dersom det er merka av for inverter. Naturleg farge er fargen på den valde pikselen i biletet. Forgrunnsfarge og Bakgrunnsfarge er tilsvarande fargar i verktøyskrinet. (Sjå om mudus i avsnittet Lagmodus).