10.9. Krusning

10.9.1. Oversyn

Figur 15.144. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Krusning


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarKrusning

Filteret omformar det aktive laget eller den aktive markeringa til bølgjer. Effekten kan minne om refleksjonar i uroleg vatn.

10.9.2. Innstillingar

Figur 15.145. Innstillingane for filteret “Krusning

Innstillingane for filteret Krusning

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Innstillingar
Kantutjamning

Kantutjamning: Dette forbetrar skråkantar i biletet ved å jamne ut overgangane.

Behald flislegginga

Behald flislegginga: Dersom biletet er flislagt, blir dei saumlause overgangane uforandra.

Orientering

Her kan du bestemma om bølgjene skal vere Horisontale eller Vertikale.

Kantar

Sidan filteret forskyv pikslar i biletet, kan det hende at det forsvinn pikslar frå kantane av biletet. Du kan her bestemme korleis dei manglande pikslane skal erstattast.

  • InnstillingaLinjebryting fører til at pikslar som forsvinn frå ei side, dukkar opp på motsett side og såleis erstattar pikslane som forsvinn.

  • Med Smøre blir dei overskytande pikslane spreidde utover for å erstatte dei manglande pikslane.

  • Er valet Svart aktivert, vil dei manglande pikslane bli erstatta med svarte pikslar.

Bølgetype

Her kan du velje forma på bøljene.

  • Sagtann: Bølgjene stig sakte og fell deretter brått av.

  • Sinus: Bølgjene stig og fell regelmessig som dønningar.

Periode

Ein Periode er de same som bølgelengda. Skalaen har eit område frå 0 til 200 pikslar.

Amplitude

Amplitude er relatert til bølgehøgda, rekna frå 0 til 200 pikslar.