2.6. Slør flisfugene

2.6.1. Oversyn

Figur 15.16. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Original

Eksempel på bruk av filteret

Verknad av filteret “Slør flisfugene


Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterSløringSlør flisfugene

Dette filteret blir brukt for å mjuke opp fugene mellom flisene i ein flislagt bakgrunn ved å blande saman og sløre overgangane mellom bileta som utgjer flisene.

[Tips] Tips

Det er ikkje råd å bruke denne effekten på biletkantane utan å trikse litt. Løysinga er:

Dupliser laget ( LagKopier laget ) og gjer kopien til det aktive laget.

Bruk filteret “Slør flisfugene” med ein 20 piksels radius på dette laget.

Marker alt ( Ctrl-A) og krymp markeringa ( MarkeringKrymp ) for å lage ein kant med den ønskte breidda.

Slett markeringa med Ctrl-K.

Flett saman laga med kommandoen LagFlett saman nedover

2.6.2. Innstillingar

Figur 15.17. Innstillingane for filteret “Slør flisfugene

Innstillingane for filteret Slør flisfugene

Sløringsradius

Dess større radius dess meir markant sløring.

Slør Vertikalt / Horisontalt

Her bestemmer du om dei vertikale og/eller dei horisontale fugene skal slørast.

Sløringstype

Denne nedtrekksmenyen gir deg valet mellom to ulike måtar å rekna ut sløringa på. Begge fører eigentleg til same resultatet, men på ulike måtar. IIR blir som oftast best på bilete med små fargeflater, dvs. foto og liknande bilete, medan RLE som oftast gir best resultat på bilete med store fargeflater, dvs. teikningar o.l.