2. Hovudvindauge i GIMP

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2532 $ 2008-06-08 KoSt

Figur 3.1. Standardvindauge i GIMP

Standardvindauge i GIMP

Biletet over syner eit vanleg oppsett for GIMP. Du finn igjen ein del vindauge:

  1. Verktøykassa: Dette er hjartet i GIMP. Her finn du dei overordna menyane og ein del knappar med ulike symbol på. Du trykker på desse knappane for å velje verktøy eller andre funksjonar.

  2. Verktøyinnstillingar: Like under verktøykassa er det limt inn eit dialogvindauge som viser aktivt verktøy (i dette tilfellet rektangelutvalet) og ein del knappar for å stilla inn det gjeldande verktøyet.

  3. Eit biletvindauge: Kvart bilete som blir opna i GIMP, blir vist i eit eige vindauge. Kor mange biletvindauge du kan ha opne samstundes, blir bestemt av ytingane til datamaskinen din, ikkje av GIMP. Det er også mogeleg å køyre GIMP utan biletvindauga, men nytteverdien av dette er naturleg nok nokså avgrensa.

  4. Lagdialogen: I dette vindauget kan du sjå lagstrukturen til det aktive biletet. Du kan også utføre ulike operasjonar på laga. Det er råd å gjere noen få ting på eit bilete utan å bruke lag, men det meste av bilethandteringa blir utført på dei ulike laga biletet er delt opp i. Difor vel dei fleste brukarane av GIMP å ha denne boksen framme heile tida.

  5. Penslar/Mønsterelement/Fargeovergangar: Dialogboksen under lag-dialogen syner dialogane for å behandla penslar, mønsterelement og fargeovergangar. Dialogvindauget for penslane er her opna, dei andre markerte med symbol.

Dette forslaget kan du sjå på som eit minimumsoppsett. Det finst eit tital andre dialogar som blir brukte av GIMP til ulike føremål, men som oftast hentar brukaren desse fram når det er behov for dei, og stenger dei att etter bruk. Det vanlegaste er å ha verktøykassa med verktøyinnstillingane, og lagdialogboksen opne heile tida. Verktøykassa er så viktig for det aller meste du gjer i GIMP, at dersom du stenger denne, vil du også avslutte GIMP. (Dersom du har ulagra arbeid liggjande, får du spørsmål om du verkeleg vil avslutte). Verktøyinnstillingane er eigentleg ein eigen dialogboks som på biletet over er limt inn like under verktøykassa. Dett er ganske praktisk i og med at det er vanskeleg å bruke verktøya effektivt utan å sjå korleis dei er innstilte. Lagdialogen vil alltid vere i bruk når du arbeider med lagdelte bilete, det vil i praksis seie omtrent alltid. Det er vel heilt unødvendig å nemne at det også er praktisk å ha biletet framme når du arbeider på det.

[Notat] Notat

Dersom skjermen din etter kvart blir noe rotete, er det heldigvis lett å få fram att det arrangementet som er vist ovanfor. I Fil-menyen i verktøykassa vel du FilDialogarOpprett nytt dialogvindaugeLag, kanalar og baner, og du vil ende opp med ein skjerm nokså lik den viste. Dersom du i den same menyen vel FilDialogarVerktøyinnstillingar, dukkar det opp eit vindauge med verktøyinnstillingane nett slik som vist på skjermdumpen. Kanskje må du sjølv lime han på plass like under verktøykassa. (I avsnittet Dialogar og samlevindauge finn du nærare forklart korleis du limer inn dialogboksar). Du kan ikkje lage ny verktøykasse. Du får rett og slett ikkje lov til å kvitta deg med det eine du har utan å avslutta GIMP. (Det er likevel fullt mogeleg å forandra innhaldet i verktøykassa).

I motsetnad til mange andre program, kan du i GIMP ikkje legge alt mogleg — t.d. kontrollar og bilete — i eitt enkelt vindauge. Utviklarane av GIMP meiner at det er dårleg filosofi å ha alt i same vindauget fordi dette tvingar programmet til å utføre ei lang rekke funksjonar som betre kan gjerast av ein dedisert vindaugehandterar. I tillegg sløser dette bort mykje tid for programmerarane, og gjer det også (nesten) umogleg å få GIMP til å arbeida tilfredsstillande på alle operativsystema GIMP er laga for.

Tidlegare versjonar av GIMP (opp til 1.2.5) var visstnok dårlege på dialogar. Avanserte brukarar måtte ofte ha eit halvt dusin dialogvindauge opne samstundes, spreidde utover skjermen og svært vanskelege å halde styr på. Frå og med GIMP 2.0 er dette mykje betre organisert i og med at det gir deg lov til å feste ulike dialogar saman på ein fleksibel måte. (Lag-dialogen på skjermdumpen er faktisk sett saman av fire ulike dialogar, representerte med faner: Lag, kanalar, bane og angre). Det kan ta litt tid å lære dette systemet, men når du først har lært det, håper vi at du vil like det.

Dei neste avsnitta vil føre deg gjennom dei ulike komponentane i kvart av vindauga viste på skjermdumpen, og forklare korleis dei kan brukast. Når du har lese gjennom dette, pluss avsnittet som forklarer dei grunnleggjande strukturane for eit GIMP-bilete, bør du ha lært nok til å kunne bruke GIMP til det meste du måtta ha bruk for innan biletbehandling. Deretter kan du kikke gjennom resten av handboka ein dag du finn tid til det, eller du står fast på eit problem. Du vil truleg bli overraska over dei nærast utallege subtile og spesialiserte måtane du kan bruke GIMP på. Ha det morosamt!

2.1. Verktøykassa

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2547 $ 2006-09-06 KoSt

Figur 3.2. Verktøykassa

Verktøykassa

Verktøykassa er hjartet til GIMP. Dette er den einaste applikasjonen du ikkje kan kopiera eller lukke. Her er ein rask gjennomgang av kva du kan finne i kassa.

[Tips] Tips

I verktøykassa, som i det meste av GIMP elles, kan du la musepeikaren kvile ei lita stund over eitt eller anna, og det vil til vanleg dukke opp ei lita melding som fortel kva dette er og kva det kan brukast til. I mange tilfelle kan du også trykke F1-tasten for å få meir hjelp om det som er under musepeikaren.

  1. Menyen for verktøykassa: Denne menyen er noe spesiell. Han inneheld ein del kommandoar som ikkje finst i dei andre menyane i GIMP. Dette gjeld mellom anna menyen for å setje diverse brukarinnstillingar for GIMP, lage ulike typar dialogboksar osv. Dette er nærare omtala i avsnittet om menyen for verktøykassa.

  2. Verktøysymbola: Desse symbola er også knappar for å aktivera verktøy for eit uttal føremål: velje ut deler av biletet, male på biletet, omforme bileta osv. Du finn meir om dette i avsnittet Verktøykassa. Her finn også eit oversyn over korleis du kan arbeide med verktøya. Kvart verktøy er nærare omtala i kapitlet om verktøya.

  3. Forgrunns-/bakgrunns-fargar: Fargerutene her syner gjeldande forgrunnsfarge (strekfarge) og bakgrunnsfarge. Klikkar du på ei av fargerutene, dukkar det opp ein fargeveljar som gir deg høve til å endre fargen som er i bruk. Klikk på den doble pila og dei to fargane bytter plass. Klikk på symbolet i nedre, venstre hjørnet for å setje fargane til svart og kvit.

  4. Pensel/Mønsterelement/Fargeovergangar Symbola her viser gjeldande val for desse. Penselen blir brukt av alle verktøya som du kan male på biletet med. (“Maling” i dette tilfellet inkluderer også visking og å gjere biletet meir utydeleg). Mønsterelementet blir brukt for å fylle utvalde område på biletet. Fargeovergangen blir brukt kvar gong eit verktøy har behov for gradvise overgangar mellom farger eller fargenyansar. Klikk på kvart av symbola for å få opp dialogvindauget som gir deg høve til å endra innstillingane.

  5. Aktivt bilete: Dette er nytt frå og med GIMP 2.2. I GIMP kan du arbeide med mange bilete samstundes, men bare eitt av dei er til ei kvar tid aktivt. Her finn du ein miniatyr av det aktive biletet. Klikkar du på miniatyren, kjem det opp ei liste over alle dei opne bileta slik at du kan velje kva bilete du vil arbeide med. Du kan oppnå det same ved å klikka direkte på det vindauget du ønskjer å opna.

    [Notat] Notat

    Dersom det aktive vindauget ikkje er synleg, kan du henta det fram med menyen brukarinnstillingar.

[Notat] Notat

GIMP startar alltid opp med dei same verktøya aktive. Dersom du heller vil starte opp med dei verktøya du brukte sist økt, kan du opna menyen brukarinnstillingane i hovudmenyens Brukarinnstillingar Inndataeiningar Lagra innstillingar for inndataeiningar ved avslutning.