Innholdsfortegnelse
GIMP har ei omfangsrik verktøykasse som gjer det lett å skifte mellom dei ulike verktøya, anten det nå er å gjere utval eller å teikne banar. Alle verktøya er forklarte i dette kapitlet.
Det store verktøyutvalet i GIMP gir deg høve til å gjere svært mange ulike arbeidoperasjonar. Vi deler verktøya inn i fem hovudgrupper: Utvalsverktøya, som spesifiserer kva delar av biletet som kan påverkast av ulike operasjonar. Teikneverktøya, som blir brukte til å endra fargen i utvalde område av biletet. Transformasjonsverktøya, som endrar geometrien til biletet. Fargeverktøya, som påverkar fordelinga av farge i heile biletet. Andre verktøy, som omfattar dei verktøya som ikkje passar inn i dei fire andre gruppene.
(Bare sånn i tilfelle du skulle vere nysgjerrig: I GIMP-sjargongen, og i andre program for biletbehandling, er “verktøy” ein måte å behandla eit bilete på som krev tilgang til biletvisinga utover det å flytte peikaren rundt om på biletflata, eller på ein interaktiv måte kan visa resultata av endringane du har gjort med biletet. Dersom du i staden tenker på verktøy som meir av typen sag, og på biletet som eit trestykke, vil du likevel ikkje vere så ute av leia.)
Dei fleste verktøya kan du aktivera ved å klikka på eit symbol inne i verktøykassa. Fargeverktøya, og kanskje noen få til, kan bare nåast frå menyane. Då anten som
→ eller → . Alle verktøya er også tilgjengelege anten frå menyen eller ved hjelp av ulike tastekombinasjonar (snartastar).I normaloppsettet, dvs. slik det ser ut når du startar GIMP for første gongen, er fargeverktøya tatt bort frå verktøykassa. Dersom du ønskjer å legge til desse, eller fjerna andre verktøyikon, kan du gjere dette med Verktøydialogen. Du kan setje opp verktøykassa slik du sjølv ønskjer det. Bruker du fargeverktøya svært mykje, kan det vere greitt å ha desse lett tilgjengelege. Er det andre verktøy du sjeldan bruker, kan du ta desse bort for å letta oversynet. Du har likevel alltid tilgang til verktøya via -menyen i menyen til det biletet du arbeider med.
Når musemarkøren er over eit bilete, vil utsjånaden på markøren forandre seg ettet kva verktøy som er i bruk.
Alle verktøya i GIMP har eit dialogvindauge der du kan bestemme ein del innstillingar for verktøyet. Dersom du ikkje har forandra normalinnstillingane for GIMP, vil dette innstillingsvindauget dukke opp når du klikkar på eit verktøysymbol. Har du fjerna dette dialogvindauget, bør du sterkt vurdera å setje det opp igjen. Det er vanskeleg å utnytta eit verktøy fullt ut utan å kunne tilpassa innstillingane.
Tips | |
---|---|
Du kan legge inn dialogvindauget for verktøyinnstillingane ved å gå inn på menyen Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”). → → og deretter lime dialogen på plass under verktøykassa. (Du finn meir om dette i |
Kvart verktøy har sine eigne innstillingar som varer heilt til du endrar dei, uavhengig om du skifter til nytt bilete eller om du avsluttar GIMP og startar på nytt igjen. Dette kan av og til verke litt frustrerande, særleg dersom verktøyet oppfører seg merkeleg, og du har gløymt at du gjorde noen uvanlege innstillingar nettopp på dette verktøyet for to veker sidan.
Nedst i dialogvindauget for verktøyinnstillingane finn du fire knappar:
Med denne knappen kan du lagra innstillingane for verktøyet slik at du kan henta dei fram seinare. Du gir innstillingane eit høveleg namn i innskrivingsboksen som dukkar opp. Når du seinare klikkar på Gjenopprett -knappen, er det bare alternativa for det aktive verktøyet som blir synlege. Difor treng du ikkje ta med verktøynamnet når du gir innstillingane eit namn. For lettare å kunne ta ut dei rette innstillingane seinare, bør du velje namn som har meining.
Med denne knappen kan du henta fram igjen dei tidlegare lagra innstillingane for eit verktøy. Dersom det ikkje er lagra noen innstillingar, vil denne knappen vere inaktiv. Dersom det derimot finst tidlegare lagra innstillingar, vil det dukka opp ei liste som du kan velje i.
Med denne knappen kan du fjerne tidlegare lagra innstillingar. Dersom det ikkje er lagra noen innstillingar, vil denne knappen vere inaktiv. Dersom det derimot finst tidlegare lagra innstillingar, vil det dukka opp ei liste som du kan velje i.
Med denne knappen kan du setje innstillingane for det aktive verktøyet tilbake til utgangspunktet, slik dei var då du lasta inn GIMP.