Kapittel 6. Få bilete ut av GIMP

Innholdsfortegnelse

1. Filer
1.1. Lagra bilete
1.2. Å lagra biletfiler
2. Å tilpassa bilete for Internett
2.1. Det optimale forholdet mellom storleik og kvalitet
2.2. Å krympe filene litt ekstra
2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

1. Filer

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2551 $ 2007-01-27 KoSt

GIMP kan lese frå og skrive til eit uttal av ulike grafiske filformat. Med unnatak av GIMP sitt eige filformat, XCF, blir filhandteringa gjort med programtillegg. Difor er det relativt enkelt å legge til nye format dersom behovet skulle dukka opp.

Ikkje alle filtypane er like gode for alle føremål. I dette kapitlet vil vi prøve å vise fordeler og ulemper med dei vanlegaste typane.

1.1. Lagra bilete

Når du er ferdig med eit bilete, ønskjer du til vanleg å lagre dette. (Det er forresten ein god idé å lagre bilete innimellom også. GIMP er eit nokså robust program, men truleg vil du før eller seinare oppleve at programmet eller maskinen din krasjar). Som regel vil du lagra bileta i same formatet som dei blei opna i. Det kan likevel vere ein god regel å lagra i GIMP sitt eige filformat XCF medan du arbeider med biletet. Dette fordi nesten alle opplysningane om biletet og arbeidsgangen blir lagra samstundes. Einaste viktige som ikkje blir lagra er angrehistoria. XCF-filene kan, etter det vi kjenner til, ikkje lesast av andre program, så når biletet er ferdig, bør du lagra det i eit meir vanleg format som t.d. JPEG, PNG, TIFF eller liknande.

1.2. Å lagra biletfiler

Du kan lagra biletfiler på fleire måtar. Du finn meir om dette i filmenyen. Her skal vi bare seie litt om dei vanlegaste formata.

Du kan lagra eit bilete i svært mange ulike format. Dei ulike formata kan lagra ulike opplysningar om biletet, men bare GIMP sitt eige filformat (XCF) lagrar alle dei viktigaste opplysningane om biletet. Ønskjer du å lagra eit bilete i eit anna format, vil GIMP seie frå om at du kjem til å misse data, men sjølvsagt er det opp til deg å kjenne eigenskapane til det formatet du vel.

Figur 6.1. Eksempel på ein eksportdialog

Eksempel på ein eksportdialog

Som sagt ovanfor, er det bare filformatet XCF som tar vare på (nesten) alle data i eit bilete. Prøver du å lagra eit bilete i eit format som ikkje tar vare på informasjonen i biletet, vil GIMP åtvara deg med ei melding om dette, og kva for data som går tapt dersom du likevel nyttar det valde formatet. Du får også eit spørsmål om du heller vil “eksportera” biletet. Når du eksporterar eit bilete, blir sjølve biletet ikkje forandra.

[Notat] Notat

Når du lukker eit bilete t.d. ved å avslutta GIMP, vil du få opp ei melding dersom biletet er “ureint”, dvs. at biletet er endra utan å bli lagra etterpå. Lagrar du eit bilete, vil biletet etter lagringa bli sett på som “reint”, sjølv om filformatet du valde ikkje lagrar alle biletdata.

1.2.1. Lagra som GIF

Figur 6.2. Lagringsdialogen for GIF

Lagringsdialogen for GIF

[Advarsel] Advarsel

Legg merke til at GIF-formatet ikkje kan lagra ein del grunnleggande biletopplysingar som t.d. utskriftoppløysinga. Dersom dette er viktig, bør du kanskje vurdere å bruke eit anna format som t.d. PNG.

GIF-innstillingane
Interlace

Dersom du krysser av for denne, vil biletet bli vist på skjermen etter kvart som det blir lasta ned. Brukaren kan då eventuelt stoppe nedlastinga dersom det tar for lang tid eller at biletet er uinteressant.

GIF-kommentar

GIF har bare støtte for 7-bits ASCII, noe GIMP ikkje har. Difor er det ingen vits i å bruke denne.

Innstillingar for GIF-animasjon
Uendeleg sløyfe

Gjer at animasjonen vil bli repetert heilt til du stoppar han.

Pause mellom rammene når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemme kor mange millisekund pausen mellom kvar ramme skal vere. Du finn meir om dette i Seksjon 2.1.2, “ Å bruke lagdialogen.

Rammeovergang når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemme korleis skiftet mellom rammene skal gå føre seg. Du har valet mellom

  • Det er meg likegyldig: Dette valet blir helst brukt når alle biletlaga er ugjennomsiktige. Laget vil overskrive det som ligg under.

  • Kumulative lag (Kombinere) : Tidlegare viste rammer blir ikkje viska ut når ei ny ramme blir vist.

  • Ei ramme per lag (erstatt): Tidlegare viste rammer blir sletta før den nye ramma blir vist.

1.2.2. Lagra som JPEG

JPEG-filene har til vanleg endingane .jpg, .JPG eller .jpeg, og er mykje brukt fordi metoden som blir nytta for å komprimera filene gir eit svært godt resultat utan at det går særleg merkbart ut over kvaliteten så lenge komprimeringa er moderat. Det er i så måte ingen andre format som kjem opp mot JPEG. Ulempen er at formatet ikkje støttar gjennomsikt, og heller ikkje samansette lag. Difor blir bilete som skal lagrast som JPEG i GIMP gjerne eksporterte i staden for å bli lagra direkte.

Figur 6.3. Lagringsdialogen for JPEG

Lagringsdialogen for JPEG

Algoritmen for JPEG er eigentleg nokså kompleks, men heldigvis treng du ikkje bry deg om anna enn å justere kvaliteten, og dermed kompresjonen. Resten er for JPEG-ekspertane.

[Obs] Obs

Etter at biletet er lagra som JPEG-fil, vil det bli oppfatta av GIMP som “reint”, dvs. at det kjem ikkje opp noe åtvaring dersom du lukkar det. Sidan JPEG-formatet ikkje lagrar alle opplysningane om biletet, kan dette vere ein ulempe. Difor er det til vanleg lurt å først lagre biletet i GIMP sitt eige XCF-format.

Kvalitet

Når du lagrar eit bilete i JPEG-format, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan setje kvalitetsnivået på ein skala frå 1 til 100. Mellom 95 og 100 er det liten skilnad i kvaliteten. Normalverdien er 85, men ofte kan du setje verdien mykje lågare utan å gjere kvaliteten merkbart dårlegare. Dette kan du kontrollera ved å markere for “Førehandsvising i biletvindauget”. Du endrar ikkje noe på sjølve biletet før du lagrar det, så metoden er trygg.

[Notat] Notat

Verdiskalaen for kvalitet er ikkje standardisert. Talet for kvalitet samsvarar ikkje alltid med tilsvarande tal i andre samanhengar. Kvalitet 80 i GIMP treng såleis ikkje vere det same som kvalitet 80 i eit anna program.

Førehandsvis i biletvindauget

Dersom denne er aktivisert, vil biletet bli vist med same kvalitet som det lagra biletet vil bli. Dermed kan du lett sjå kor mykje biletet kan komprimerast med tilfredsstillande kvalitet. Biletet du har på skjermen blir ikkje påverka av dette. Så snart dialogvindauget er lukka, blir biletet igjen vist i den opphavlege kvaliteten.

Avanserte innstillingar

Litt om dei avanserte innstillingane:

Optimaliser

Denne eigenskapen gjer at kvar bit i biletet blir mest mogleg uforandra.

Progressiv

Dersom du aktiviserer denne, blir biletet ikkje komprimert ovanfrå og ned, men i fleire gjennomgangar. Når biletet blir vist, vil det dukke opp i fleire omgangar, litt betre for kvar gong. Dette kan vere nyttig dersom biletet skal visast over ei sein Internettkopling.

Lagra EXIF-data

Mange digitalkamera nyttar JPEG-formatet med ekstra informasjonar om dato, kamerainnstillingar osv. Desse såkalla EXIF-data blir ikkje støtta utan vidare av GIMP i normalinstallasjonen. Har du lagt til biblioteket “libexif” i systemet ditt, kan GIMP lasta inn og lagra filer med EXIF-data utan å forandra data, men kan heller ikkje gjere seg nytte av dei.

Lagra førehandsvisinga

Lagrar ein miniatyr av biletet.

Utjamning

Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemmar kor mykje biletet skal jamnast ut, dvs. kor mjukt biletet skal bli.

Bruk omstartmarkeringar

Dersom denne er aktivisert, vil det bli lagt inn noen merke i fila slik at dersom lastinga av fila blir avbroten, kan nedlastinga halde fram seinare frå siste nedlasta merke. Kan vere fornuftig ved store bilete.

Mellomsteg

Auget vårt opfattar ikkje fargane likt gjennom heile spekteret. Dette kan brukast for å effektivisera kompresjonen. Du har tre alternativ:

  • 1x1, 1x1, 1x1: Bevarer kantar og kontrastfargar, men mindre kompressjon.

  • 2x1, 1x1, 1x1 (4:2:2)

  • 1x2, 1x1, 1x1

  • 2x2, 1x1, 1x1: Beste kompressjon. Passer for bilete med veike kantar, men tenderer til å gi unaturlege fargar.

DCT-metoden

DCT står for “Discrete Cosine Transform”, og er første steget i JPEG-algoritmen. Dette er rein matematikk, og vala du har er “desimaltal”, “heiltal” (normalinnstillinga) og “raske heiltal”:

  • Desimaltal: Desimaltala er litt betre enn heiltala, men er merkbart seinare dersom maskinen din ikkje er utstyrt meg ein god matematikkprosessor. Metoden kan også gi eit litt varierande resultat frå maskin til maskin, medan metodane med heiltal skal gi same resultatet uavhengig av maskintype.

  • Heiltal: (normalinnstillinga) er raskare enn “desimaltal”, men er ikkje så nøyaktig.

  • Raske heiltal: Dette er den raskaste, men også den mest unøyaktige metoden.

Kommentarar

I denne tekstboksen kan du skrive inn merknader som skal lagrast saman med biletet.

1.2.3. Lagra som PNG

Figur 6.4. Dialogen for “lagra som PNG

Dialogen for lagra som PNG

Flett saman (Adam7)

Kryss av for dette valet dersom du ønskjer at biletet skal visast gradvis på skjermen etter kvart som det blir lasta inn. Dersom systemet arbeider sakte, kan brukaren stopp nedlastinga av uinteressante blete.

Lagra bakgrunnsfarge

Dersom biletet ditt har mange grader av gjennomsikt, vil nettlesarane som bare bruker to nivå av gjennomsikt bruke bakgrunnsfargen frå verktøykassa som bakgrunn. (Internet Explorer er ikkje i stand til å gjere seg nytte av denne informasjonen).

Lagra gamma

Dette vil gjere at informasjon om innstillingane for skjermen din blir lagra slik at biletet blir vist likt på andre skjermar. Svært få nettlesarar er i stand til å tolke desse opplysningane.

Lagra lagforskyving

Bilete med biletlag blir omforma til eitt lag før lagring som PNG, så dette valet er utan interesse her.

Lagra oppløysing

Gjer at informasjonen om biletoppløysinga blir lagra.

Lagra tid for oppretting

I praksis vil dette vere dato og klokkeslett for når biletet sist blei lagra.

Lagra kommentarane

Dette gjeld kommentarar som du har skrive inn om biletet. Kommentarane kan lesast i vindauget bileteigenskapar.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Gjer at fargeverdiane for pikslane blir lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.

Kompresjon

Sidan kompressjonen er tapsfri, er den einaste grunnen til å bruke eit nivå lågare enn 9 at komprimeringa kan ta litt lang tid på trege datamaskiner. Dekomprimeringa går like fort uansett kva kompressjonsnivå du vel.

Lagra standardverdiane

Klikk på denne knappen for å lagra innstillingane for lagringa. Du kan seinare hente dei fram igjen ved å trykke på knappen Opna standardverdiane.

[Notat] Notat

Sidan PNG også kan lagra indekserte bilete, kan du redusere talet på fargar, og dermed også filstorleiken, for bilete som skal sendast over nettverk. Sjå meir om dette i Seksjon 9.6, “ Indeksert modus.

Datamaskinene arbeider med 8-bits blokker, såkalla “byte”. Kvar byte kan innehalde opp til 256 ulike fargar. Det er ingen vits i å redusere talet på fargar til under 256 i håp om å redusera filstorleiken sidan det blir brukt ein byte uansett. “PNG8”-formatet har heller ikkje støtte for variabel gjennomsikt, bare gjennomsikt eller ikkje gjennomsikt.

Dersom du ønskjer å bruke delvis gjennomsikt også på Internet Explorer 6 og lågare, kan du bruke filteret AlphaImageLoader DirectX i kodene dine for nettsida. Sjå meir om dette i Microsoft Knowledge Base [MSKB-294714]. Internet Explorer 7 og høgare har støtte for delvis gjennomsikt.

1.2.4. Lagra som TIFF

Figur 6.5. Dialogen for “Lagre som TIFF

Dialogen for Lagre som TIFF

Komprimering

Denne menyen gir feg høve til å velje metode for komprimeringa av biletet. Du har valet mellom

  • Ingen: Rask, men sidan biletet ikkje blir komprimert, kan fila bli stor.

  • LZW: LZW er forkorting for algoritmen “Lempel-Ziv-Welch” som komprimerer biletet utan tap. Dette er ein gammal metode, men effektiv og rask.

  • Pack Bits: [Manglar informasjon]

  • Deflate: Dette er også ein algoritme for komprimering. Metoden er ei blanding av “Lempel-Ziv-Storer-Szymanski-Algorithmen” og “Huffman-Koding”. Metoden er tapsfri og svært effektiv.

  • JPEG: Bruker same komprimeringa som JPEG. Denne metoden er ikkje tapsfri, slik at data som blir borte frå biletet er borte for alltid.

  • CCITT Group 3 fax; CCITT Group 4 fax: Dette er komprimeringsmetodar brukte for telefaks.

    [Notat] Notat

    Dette formatet er bare tilgjengeleg dersom biletet er indeksert med to fargar.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Gjer at fargeverdiane for pikslane blir lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.

Kommentar

Her kan du skrive inn merknader til biletet.