3.6. Dialogen for skrifttypar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2358 $ 2007-03-19 KoSt

Figur 14.55. Dialogen for skrifttypar

Dialogen for skrifttypar

Denne dialogen blir brukt for å velje skrifttypar for bruk med tekstverktøyet. I tillegg kan du oppdatera lista over tilgjengelege skrifttypar dersom du legg til nye medan GIMP er i bruk.

3.6.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:

  • frå menyen i verktøykassa: FilDialogarSkrifttypar

  • frå biletmenyen: DialogarSkrifttypar

  • Frå innstillingane for tekstverktøyet ved å klikka på knappen “Skrift” og deretter på knappen Opna skriftval nede i høgre hjørnet i skrifttypeveljaren som dukkar opp.

  • frå ein annan dialogmeny: Legg til faneSkrifttypar

3.6.2. Å bruke dialogen

Det er vel inga overrasking at den vanlegaste bruken av denne dialogen er å velje skrifttype for tekstverktøyet. Dette gjer du ganske enkelt ved å klikka på den ønskte skrifttypen. Dersom du held nede museknappen ei lita stund medan du held musepeikaren over eksemplet på skrifttypen (“Aa”), vil det dukke opp ei setning som inneheld alle bokstavane i alfabetet. (“Høvdingens kjære squaw får litt pizza i Mexico by”).

Vis som tabell/liste

Figur 14.56. Dialogen for skrifttypar

Dialogen for skrifttypar

Dialogen på tabellform

Dialogen for skrifttypar

Dialogen på listeform


Du kan velje utsjånad på dialogen ved å gå inn på fanemenyen og velje mellom Vis som tabell og Vis som liste. I tabellform blir alle tilgjengelege skrifttypar viste med “Aa”. I listeform blir det i tillegg vist namnet på skrifttypen.

Oppdater skrifttypane

Trykk på denne knappen for å laste inn skrifttypane på nytt. Dette kjem hels til nytte dersom du legg inn nye skrifttypar medan GIMP er i bruk. Det er også råd å oppdatere lista med skrifttypar ved å høgreklikke i dialogvindauget og velje “Last skrifttypane på nytt” frå menyen som dukkar opp. Det er faktisk det einaste valet i denne menyen.

[Tips] Tips

Du kan forandre storleiken på visinga av skrifteksempla ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.