Ein palett er i GIMP ei samling fargar i tilfeldig orden. Du finn meir om dette, og om korleis du kan lage eigne palettar, i Seksjon 12, “ Palettar ”.
Palettdialogen blir stort sett brukt for å velje kva for palett som skal vere den aktive, men du kan også bruke han for å lage dine eigne palettar. Noen titals, nokså tilfeldig utvalde, palettar blir leverte saman med GIMP.
Notat | |
---|---|
Det er lett å forveksla palettdialogen med Fargekart for indekserte fargar som er ein tabell med ei avgrensa mengde fargar. |
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:
frå menyen i verktøykassa:
→ →frå biletmenyen:
→frå ein annan dialogmeny:
→Du bestemmer kva for palett som skal vere den aktive ved å klikka på han i dialogvindauget. Samstundes kjem også palettbehandlaren opp slik at du mellom anna kan velje forgrunns- og bakgrunnsfarge ved å klikke fargane i paletten. Du kan også bruke piltastane for å velje palett.
Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein palett kan du gi han eit nytt namn dersom dette er ein palett du har laga eller installert sjølv. Det er ikkje råd å gjere forandringar i dei førehandsinstallerte palettane. Dette er vanleg i GIMP. Du får heller ikkje lov til å gjere endringar i penslar, mønsterelement osv. som kjem ferdiginstallerte, bare i dei du lager eller installerer sjølv.
Frå fanemenyen kan du velje om palettane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du
, får du opp ei liste med bilete av alle palettane. Sidan du kan sjå mange palettar samstundes, er det nokså enkelt å velje ut den du ønsjer. Dersom du vel å lista opp på listeform, kjem palettane opp pent og pynteleg under kvarandre med ein miniatyr av paletten og namnet hans.Tips | |
---|---|
Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen. |
Trykk på denne knappen for å opna Palettbehandlaren.
Denne er nærare omtalt i avsnittet Ny palett.
Denne er nærare omtalt i Kopier palett .
Denne er nærare omtalt i avsnittet Slett palett.
Denne er nærare omtalt i avsnittet Slett palett.
Palettmenyen kan opnast ved å høgreklikka i palettdialogvindauget eller ved å opna fanemenyen og velje derifrå.
Du kan opna Palettbehandlaren ved å klikke på “Rediger palett” i menyen, ved å dobbeltklikke på ein palett i palettdialogen eller ved å trykke på knappen Rediger palett nedst i dialogvindauget.
“Ny palett” oppretter ein ny palett, utan namn
og utan fargeinnslag. Samstundes blir palettbehandlaren opna
slik at du kan legge til fargar. Den nye paletten blir automatisk
lagra i den private palettes
-mappa di
når du avslutter GIMP og blir henta inn
i palettsamlinga di neste gong du startar
GIMP.
Med kommandoen “Importer palett” kan du lage ein ny palett med fargane frå ein fargeovergang eller eit bilete. Dialogen som kjem fram, har følgjande innslag:
Notat | |
---|---|
Tidlegare versjonar av GIMP hadde ein kommando for å “lagra palett”. Denne blei tatt bort i versjon 2.4. For å lagra ein palett, om biletet er indeksert eller ikkje, må du importera den frå biletet. |
Du kan importere paletten frå anten ein av
GIMP sine fargeovergangar eller frå
eit opna bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen. Frå og med
GIMP 2.2 kan du også importere
RIFF palettfiler, med filutvidinga
.pal
.
Dette er eit format som er mykje brukt i Windows.
I GIMP-2.4 blei det innført to nye eigenskapar for bilete som kjelde. Desse er bare tilgjengelege for RGB-bilete:
Flett synlege: Dette valet gjer at fargane blir henta frå alle synlege laga i biletet. Elles blir fargane henta frå det aktive laget, sjølv om det ikkje skulle vere synleg.
Bare valde pikslar: Som namnet seier, blir pikslane henta frå det valde laget eller alle synlege lag, avhengig av innstillinga i det førre valet.
GIMP legg inn namnet på kjelda, men dette kan du bare skrive over. Dersom du vel eit namn som finst frå før, vil det få eit tal, f. eks. “#1” i tillegg.
Normalinnstillinga er sett til 256 av fleire grunnar. Først fordi kvar fargeovergang inneheld 256 ulike fargar. Deretter fordi GIF-filer ikkje kan innehalde meir enn 256 fargar, og endeleg fordi indekserte bilete i GIMP ikkje kan innehalde meir enn 256 ulike fargar. (I den digitale verda er 256 eit greitt og rundt tal). Du kan likevel bruke så mange fargar du ønskjer. Når du skriv inn eit tal her, vil GIMP prøve å fordele dei tilgjengelege fargane jamnt utover paletten.
Her bestemmer du kor mange kolonner paletten skal setjast opp med. Dette verkar bare inn på korleis paletten blir vist, og har ingen innverknad på bruken av paletten.
Veit ikkje kva dette er. Send ein e-post når du finn det ut. Ser ut til å ha noe med kva fargeområde som blir brukt for å lage paletten.
Sjølv om du set “Talet på fargar” til maksimum kan palettane ikkje behandla meir enn 10.000 fargar. Eit RGB-bilete kan innehalde mange fleire fargar. Funksjonen Intervall vil gruppere fargar som er nesten like rundt ein gjennomsnittsfarge og såleis redusera mengda av fargar. Problemet finst ikkje for indekserte palettar med opp til 256 fargar i og med at intervall 1 gir høve til å bruke så mange fargar.
Den importerte paletten blir automatisk lagra i den personlege
palettes
-mappa di når du avslutter
GIMP og dukkar opp i palettdialogen
når du startar opp igjen GIMP.
Denne kommandoen lagar ein ny palett ved å kopiere den
aktive paletten og opnar deretter for palettbehandlaren slik
at du kan gjere dei nødvendige forandringane. Den
redigerte paletten blir automatisk lagra i den personlege
palettes
-mappa di når du avslutter
GIMP og dukkar opp i palettdialogen
når du startar opp igjen GIMP.
Denne kommandoen er førebels ikkje tilgjengeleg, og vil alltid vere “gråa ut” som uverksam.
Denne kommandoen vil kopiere adressa for palettfila over på utklippstavla. Du kan deretter lime inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.
Denne kommandoen fjernar paletten både frå palettdialogen og frå lageret. Difor blir du alltid spurd om du verkeleg vil dette. Legg merke til at du bare kan fjerne palettar som du har installert sjølv, ikkje dei som følgjer med GIMP.
Denne kommandoen går i gjennom alle mappene dine på jakt etter palettar og legg nye funn til palettdialogen. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.
Kommandoen opnar eit dialogvindauge:
Denne kommandoen flytter den siste fargen i paletten først og forskyv resten av fargane eitt steg mot høgre. Talet du skriv inn bestemmer kor mange gonger forskyvinga skal utførast.
Dersom forskyvinga er negativ, blir den første fargen flytt til sist i paletten og resten av fargane forkjøve mot venstre.
Denne kommandoen lager ein fargeovergang av alle fargane i paletten. Denne fargeovergangen blir den aktive og blir også lagra i overgangsdialogen. Førebels ser det ut til at paletten ikkje kan ha meir enn 21 fargar. Fleire fargar enn dette fører til feilmelding.
Denne kommandoen lager ein repeterande fargeovergang av alle fargane i paletten, men likevel slik at bare dei første fargane blir gjentatt. Denne fargeovergangen blir den aktive og blir også lagra i overgangsdialogen. Førebels ser det ut til at paletten ikkje kan ha meir enn 20 fargar. Fleire fargar enn dette fører til feilmelding.
Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan sortere fargane i paletten ut frå følgjande kriteriar:
Fargemodell: Du kan velje RGB eller HSV
Sorter kanal: Dette er kva kanal som skal sorterast. Du kan velje mellom dei tre RGB-kanalane eller dei tre HSV-kanalane etter kva fargemodell som er vald.
Aukande (Normalt sett til ja): Verdiane blir sortert frå lågaste til høgaste. Du kan klikke på for å endre denne til og såleis sortere i minkande rekkefølgje.
Palettbehandlaren blir brukt til to ting. Det eine er å velje forgrunns- og bakgrunnsfarge frå ein palett. Det andre er for å redigere ein palett. Du kan aktivere palettbehandlaren for alle palettane i dialogen, men du får bare lov til å gjere endringar i dei palettane du har lagt inn sjølv. Vil du gjere endringar i dei som kjem ferdiginstallerte med GIMP, må du først lage ein kopi og deretter arbeide på kopien. Alle endringar blir lagra automatisk når du avslutter GIMP.
Palettbehandlaren er bare tilgjengeleg frå palettdialogen ved å dobbeltklikke på ein palett, ved å trykke på knappen Rediger palett nedst i dialogvindauget eller ved å velje frå palettmenyen.
Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på to måtar:
Dersom du klikkar på ein av fargane i paletten, vil denne bli gjort til forgrunnsfarge, eller til bakgrunnsfarge dersom du samstundes held nede Ctrl-tasten. Det er desse fargane som blir viste i fargeområdet i verktøykassa.
Dobbeltklikkinga opnar også fargebehandlaren slik at du eventuelt kan redigere fargen, dersom paletten er slik at du får lov til dette.
Du kan opna menyen for palettbehandlaren ved å høgreklikke på visingsområdet for paletten. Funksjonane i denne menyen er stort sett dei same som for knappane nedst i dialogvindauget.
Like under biletet av paletten finn du ein tekstboks der du kan skrive inn namn på den valde fargen, eller “Untitled” dersom han ikkje har noe namn. Dette namnet har ingen annan funksjon enn å gjere det lettare å hugsa fargen.
Til høgre for namneboksen finn du ei rute der du kan bestemme kor mange kolonner paletten skal visast med i dialogvindauget. Også dette valet er utan effekt på bruken av paletten, bare korleis han skal sjå ut. Dersom du set valet til 0, vil GIMP bruke normalinnstillinga.
Nedst i dialogvindauget finn du noen knappar som stort sett gjer det same som vala i menyen for palettbehandlaren. Knappene, som bare er aktive dersom du har lov til å gjere endringar i paletten, er:
Trykk på denne knappen for å lagra paletten i den private
palettes
-mappa di. Dersom du ikkje
bruker denne knappen, vil GIMP lagra
paletten når du sluttar av.
Denne knappen er førebels ikkje i bruk.
Opnar for fargebehandlaren slik at du kan forandra fargen.
Legg forgrunnsfargen inn som eit tillegg på slutten av paletten. Dersdom du held nede Ctrl-tasten vile bakgrunnsfargen bli brukt i staden.
Fjernar den markerte fargen frå paletten.
Krymper visinga av paletten vertikalt.
Utvidar visinga av paletten vertikalt.
Tilpassar høgda av palettvisinga til vindauget.
Menyen for palettbehandlaren er tilgjengeleg ved å høgreklikke på visinga av paletten i palettbehandlaren eller ved å gå inn via fanemenyen. Du kan gjere dei same operasjonanene ved å bruke knappane nedtst i dialogvindauget for palettbehandlaren.
Denne kommandoen opnar for ein fargebehandlar slik at du kan redigere den valde fargen i paletten. Knappen er bare aktivisert dersom du har lov til å gjere endringar i paletten.
Desse kommandoane lager ein ny palettfarge ved å hente farge frå for- eller bakgrunnen som vist i verktøykassa.
Denne kommandoen fjernar den valde fargen frå paletten. Knappen er bare aktivisert dersom du har lov til å gjere endringar i paletten.
Reduserer høgda på palettvisinga.
Aukar høgda på palettvisinga.
Tilpassar høgda på palettvisinga til høgda på dialogvindauget.
Når denne er avmerka, som er normalinnstillinga, kan du redigere ein palett ved å klikka på han i dialogvindauget “palettar”.