Innholdsfortegnelse
Du finn menyar mange stader i GIMP. Føremålet med dette kapitlet er å forklara alle kommandoane som er tilgjengelege frå menyane i verktøykassa og frå biletvindauga. Dei andre menyane blir forklarte under omtalar av dei respektive dialogane.
Mange stader i GIMP kan du få fram ein lokalmeny ved å høgreklikka. Noen av desse plassane er:
I biletvindauget for å få fram biletmenyen. Dette kan vere nyttig når du arbeider på full skjerm utan synleg biletmeny.
I lagdialogen og kanaldialogen for å henta fram funksjonane til eit bestemt lag eller ein bestemt kanal.
Høgreklikk på biletmenyen har same effekt som venstreklikk.
Høgreklikk på tittellinja vil vise funksjonar som ikkje tilhøyrer GIMP, men kjem frå biletbehandlaren i datamaskinen din.
I noen av menyane i GIMP er det lagt inn ein interessant eigenskap. Dette gjeld hovudmenyen i verktøykassa og lokalmenyen som sprett opp når du høgreklikkar på biletvindauget og alle undermenyane i denne. (At ein meny inneheld undermenyar blir vist med symbolet ). Alle desse menyane har ei prikkelinje øvst. Når du klikkar på denne linja, vil menyen bli vist i eit separat, sjølvstendig vindauge.
Frittståande undermenyar som har utspring frå verktøykassa er bare synlege når verktøykassa er aktivt. Dei som kjem frå biletvindauget er derimot uavhengige, er alltid synlege og alltid knytt til det aktive vindauget. Dei blir ståande sjølv om alle biletvindauga blir lukka. Du kan lukke menyvindauget ved å klikka på prikkelinja eller ved å bruke vindaugebehandlaren til datamaskinen. (Som oftast ved å klikke på X-en i øvre, høgre hjørne av vindauget).