Luftpenselen er den digitale varianten av ulike former for luftverktøy som blir brukte for å legge farge på biletet. Dette verktøy er spesielt hendig når du skal teikne med mjuke strekar.
Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller med tastesnarvegen A (for “Air”).
Ctrl a endrar luftpenselen til ein fargeplukkar.
Shift-tasten gjer at luftpenselen teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på , vil det bli teikna ei rett linje frå det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.
Du får fram verktøyinnstillingane for luftpenselen ved å klikka på (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) symbolet i verktøykassa.
Notat | |
---|---|
Notat | |
---|---|
Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor stor dysa til sprøytepistolen skal vere, dvs. fargemengda penselen skal gi frå seg. Dess høgare tal, dess meir farge på kortare tid. (Burde heitt “dyse”, men det er ikkje avsett plass til dette i kjeldeteksten).
Med denne glidebrytaren kan du bestemme lufttrykket, dvs. kor mykje farge penselen skal gi frå seg i kvart strøk. Dess høgare tal, dess mørkare vil kvart strøk bli.