3. Teikneverktøya

3.1. Felles eigenskapar

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2567 $ 2008-02-25 kost

Figur 13.31. Teikneverktøya

Teikneverktøya

Verktøykassa i GIMP inneheld tretten “teikneverktøy” som alle er grupperte nedst i verktøyvindauget (i forvalet). Ein eigenskap dei har felles, er at dei teiknar ulike former for penselstrok når dei blir flytte rundt med peikaren. Fire av desse, nemleg

Figur 13.32. Teikneverktøya i verktøykassa

Teikneverktøya i verktøykassa

Felles for alle desse verktøya er at dei lagar penselstrøk når peikaren blir flytt rundt om på biletet. Fire av ddesse,

oppfører seg slik ein venter seg samanlikna med dei tilsvarande verkelege reiskapa. Dei andre bruker ein pensel for å gjere endringar i biletet på andre måtar enn det å teikne på det:

Teikneverktøya kjem til sin fulle rett først når du nyttar teiknebrett (digitaliseringsbord). Musa er i slike tilfelle bare ei dårleg nødløysing, som heller ikkje kan gjerast trykkfølsam slik teiknebrettet kan det.

I tillegg til dei meir vanlege “rett fram metodane”, kan teikneverktøya også nyttast på ein automatisert måte ved å lage eit utval eller ein bane og deretter “streke opp” med eit av verktøya. Alle teikneverktøya, med alle tilgjengelege innstillingar, kan brukast til dette, også viskelêret og liknande “uvanlege” verktøy. Sjå nærare om dette i Seksjon 6.17, “ Strek opp utvalet.

3.1.1. Valtastane (førehandsvalde)

Ctrl

Denne tasten har ein spesiell effekt på alle tastane unntatt på pennen. Held du nede Ctrl-tasten medan du bruker blyant, pensel, viskelêr eller utgniingsverktøyet, vil verktøyet gå over til å bli ein fargeplukkar som du kan bruke til å hente forgrunnsfarge (eller, dersom du brukar viskelêret: bakgrunnsfarge) frå biletet. Dersom kloneverktøyet er aktivt, vil klikket setje referansepunktet for dette. For slør/skjerp bytter Ctrl-tasten mellom modus for å gjere skarpare eller å sløra ut. For verktøyet avskygging/etterbelysning skifter Ctrl-tasten mellom desse to.

Shift

Denne har same effekten på alle teikneverktøya. Held du nede Shift-tasten vil verktøyet skifte til bare å kunne teikne rette linjer. Dette gjer du ved først å klikka på startpunktet og deretter trykke ned Shift-tasten. Så lenge du held denne tasten nede, vil du sjå ei rett linje mellom startpunktet og markøren. Klikkar du igjen, vil det nå bli teikna ei rett linje mellom dei to klikka. Du kan gjenta prosessen så mange gonger du ønskjer.

Ctrl+Shift

Held du nede begge desse tastane, vil det aktuelle verktøyet avsette ei avgrensa rett linje. Det tilsvarar å halde nede Shift-tasten åleine, men retninga på linja er avgrensa til å vere multiplar av 15º i høve til førre linja. Du kan bruke dette for å lage perfekte horisontale, vertikale eller diagonale linjer.

3.1.2. Verktøyinnstillingar

Figur 13.33. Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Innstillingar felles for alle teikneverktøya

Mange av innstillingane er felles for fleire av teikneverktøya. Desse blir omtalt her. Innstillingar som gjeld spesielt for eitt eller noen få verktøy, blir omtalt saman med verktøya.

Modus for teikneverktøya

Modus

Denne nedtrekkslista inneheld eit utval av metodar for å blanda saman fargar. På same måten som nemnd under dekkevne, kan det vere enklare å forstå verkemåten ved å tenke seg at penslane arbeider på eit lag over det du eigentleg arbeider på, og så kombinerer desse laga i ein modus som blir sett i dialogvindauget for det øvste laget. Dei ulike måtane å blanda saman laga på, kan gi opphav til mange spesialeffektar. Modusvalet er bare aktivt for dei verktøya som på ein eller annan måte legg farge til biletet, dvs. blyanten, målarpenselen, luftpenselen pennen og kloneverktøya. For dei andre verktøya er valet gråa ut. Du kan finne meir om ulike modus i Seksjon 2, “ Lagmodus

I denne lista er noen modus spesielle:

  • Oppløys-modus

    Figur 13.34. Eksempel på oppløys-modus

    Eksempel på oppløys-modus

    Teikning med sprøytepistol. Til venstre i normalmodus, til høgre i oppløysmodus.


    Dersom dekkevna er mindre enn 100 %, vil penselstrøket i staden for å bestemma mengda av farge, finne ut om det skal vere farge eller ikkje farge. Dette er eit svært brukbart modus som kan gi fine stople-effektar.

    Figur 13.35. Teikning i modus “oppløys

    Teikning i modus oppløys

    I dette biletet er det teikna tre raude blyantstrekar på det himmelblå bakgrunnslaget utan alfakanal. Strekane er teikna med 100 %, 50 % og 25 % dekkevne. Strekane er meir eller mindre stopla.


  • Bak

    Figur 13.36. Eksempel på lagmodus “bak

    Eksempel på lagmodus bak
    Eksempel på lagmodus bak

    Gjer at fargen bare blir synleg i gjennomsiktige område av laget. Dess meir gjennomsiktig området er, dess mørkare blir fargen. Teiknar du på eit heilt gjennomsiktig område, vil resultatet bli identisk med slik det blir i normalmodus. (Gjeld sjølvsagt bare dersom laget inneheld alfakanal).

    I eksemplet er Wilber i det øvste laget omgitt av gjennomsikt. Det nedre laget er einsfarga lyseblått. Det blei brukt fyllverktøyet med Verkar på modus sett til “utval”. Heile laget blei markert og fylt med eit mønsterelement.

    Figur 13.37. Teikning i modus “Bak

    Teikning i modus Bak

    Dette biletet har to lag der det øvre laget er det aktive. Tre raude blyantstrekar med 100 %, 50 % og 25 % dekkevne. Bare gjennomsiktige og delvis gjennomsiktige pikslar i laget blir farga.


  • Slett farge

    Figur 13.38. Eksempel på lagmodus “Slett farge

    Eksempel på lagmodus Slett farge
    Eksempel på lagmodus Slett farge

    Med denne innstillinga kan du gjere fargane meir eller mindre gjennomsiktige. Det verkar på same måten som filteret farge til alfa. Dersom laget du arbeider på ikkje støtter alfakanalen, vil modus slett farge vere det same som normalmodus.

    I eksemplet er fargen i fyllverktøyet sett til kvit. Dei kvite partia i Wilber blei difor sletta og gjorde den blå bakgrunnen synleg.

    Figur 13.39. Teikning i “Slett farge” modus

    Teikning i Slett farge modus

    Dette biletet har bare eitt lag, det himmelblå bakgrunnslaget med tre vassrette felt. Tre loddrette blyantstrekar med:

    1. same blåfargen som det blå feltet. Bare den blå fargen blir viska ut.

    2. same raudfargen som det raude feltet. Bare den raude fargen blir viska ut.

    3. same blåfargen som bakgrunnslaget. Bare denne blåfargen blir viska ut.


Dekkevne

Denne glidebrytaren bestemmer kor stor dekkevne verktøyet skal ha, altså kor gjennomsiktig strøket blir. Dette er kanskje lettare å forstå dersom ein tenker seg at glidebrytaren oppretter eit gjennomsiktig lag over det aktive laget og arbeider på dette. Det er faktisk fullt mogleg å gjere det slik også. Opprett eit gjennomsiktig lag over det aktive laget og reguler dekkevna med glidebrytaren i lagdialogvindauget. Brytaren for dekkevne kontrollerer «styrken» til alle teikneverktøya, ikkje bare dei som teiknar på det aktive laget. Verknaden på viskelêret kan vere litt forvirrande i og med at dess høgare dekkevna er dess meir gjennomsiktig er det.

Pensel

Ein pensel tilsvarar i denne samanhengen spissen på teikneverktøyet. Altså kva slag avtrykk verktøyet skal gi. Du finn nærare omtale av desse i Seksjon 6, “ Penslar. Penslane er tilgjengelege for alle teikneverktøya unntatt fyllepennen, som brukar eit eige prosedyregenerert sett. Fargen på penselen blir bare sett når det er meiningsfullt, slik som for blyanten, målarpenselen og sprøytepistolen. For dei andre teikneverktøya betyr penselvalet bare noe når det gjeld intensiteten til verktøyet.

Skalering

Med denne glidebrytaren kan du bestemma nøyaktig kor brei penselen skal vere på ein skala frå 0,01 til 10,0

Trykkfølsemd

Denne er bare aktuell dersom du nyttar teiknebord eller andre manuelle digitaliseringsverktøy. Denne funksjonen gir deg høve til å bestemma kva for bruksområde for teikneverktøyet som skal bli påverka etter kor hardt du trykker nåla mot teiknebrettet. Vala du har er dekkevne, harde kantar, grad, storleik og farge. Du kan kombinera så mange du vil av desse. For kvart verktøy blir bare dei funksjonane som er aktuelle lista ut. Her finn du ein omtale av funksjonane:

Dekkevne

Sjå ovanfor.

Hard kant

Gjeld bare for reiskap med diffuse avtrykk. Dess hardare du trykker, dess mørkare vil dei diffuse områda av avtrykket bli.

Grad

Dette valet gjeld for luftpenselen, penselen slør eller skjerp og utgnidingsverktøyet, altså dei verktøya som er tidsavhengige. Trykker du hardare på penselen, vil han arbeide raskare.

Storleik

Dette valet er tilgjengeleg for alle trykkfølsame verktøya. Storleiken på penselen er i tilfelle avhengig av kor hardt du trykker på penselen.

Farge

Dette valet er tilgjengeleg for teikneverktøya blyant, målarpensel og sprøytepistolen dersom du hentar farge frå ein fargeovergang. Dess hardare trykk dess høgare i fargeovergangen blir fargen henta frå.

Uttoning

Gjer at fargen tonar gradvis ut langs den valde avstanden. Ved slutten av den valde avstanden, vil fargen vere heilt gjennomsiktig. Verknaden er lettast å sjå på målarverktøya, men gjeld faktisk for alle teikneverktøya. Dersom du nyttar teiknebrett, vil dette valet ikkje påverka effekten av penseltrykket.

Legg til sitring

Som du sikkert veit, er penselstroka eigentleg laga ved å avsetja penselavtrykka meir eller mindre tett etter kvarandre. Er avstanden liten, gir dette inntrykk av å vere ei kontinuerleg linje. Dersom du aktiverer “sitring”, blir penselavtrykka ikkje avsett pent og pynteleg på linje, men spreidde litt tilfeldig utover innføre eit område bestemt av glidebrytaren mengde.

Figur 13.40.


Aukande

Dersom denne er aktivert, kan du male fleire gonger på same staden for å forsterka fargen. Dersom Aukande ikkje er aktiv, vil fargen bare bli så dekkande (mørk) som du har bestemt med innstillinga for dekkevne. Dette valet er tilgjengeleg for alle teikneverktøya unntatt dei som har “grad”-kontroll. Desse har denne effekten innebygd. Sjå også Seksjon 2, “ Lagmodus.

Farge frå fargeovergang

Figur 13.41. Innstillingane for fargeovergangar i teikneverktøya

Innstillingane for fargeovergangar i teikneverktøya

I staden for å nytte forgrunnsfargen, slik han kjem fram i fargeområdet i verktøyvindauget, kan du bruke farge frå ein fargeovergang. Dette gir fargar som vekslar gradvis langs penselstrøket. Sjå meir om dette i kapitlet om fargeovergangar.

Du kan velje mellom fleire ulike måtar å bruke fargeovergangane på:

Fargeovergang

Viser den aktive fargeovergangen. Klikkar du på denne, får du opp ein overgangsveljar der du kan hente andre overgangar.

Reversér

Normalt blir fargane henta i fargeovergangen frå venstre mot høgre. Dersom dette valet er markert, vil fargane bli henta frå venstre mot høgre.

Lengde

Her kan du bestemme kor lang ein fargeovergang skal vere i biletet. Den vanlege måleeininga er pikslar, men du kan endre dette i nedtrekkslista.

Gjenta

Figur 13.42. Eksempel på verknaden av repetermåtane. Fargeovergang: “Abstract 2”.

Eksempel på verknaden av repetermåtane. Fargeovergang: Abstract 2.

Fargeovergang “Abstract 2

Eksempel på verknaden av repetermåtane. Fargeovergang: Abstract 2.

Ingen

Eksempel på verknaden av repetermåtane. Fargeovergang: Abstract 2.

Sagtann

Eksempel på verknaden av repetermåtane. Fargeovergang: Abstract 2.

Triangulær


Her kan du bestemma kva som skal skje dersom penselstrøket går utover den lengda som er bestemt ovanfor. Du kan velje mellom: Ingen, som gjer at fargen på slutten av fargeovergangen blir brukt på resten av strøket. Overgang “abc” gir “abccccc...”. Sagtann, som gjer at fargeovergangen blir gjentatt frå starten av. Dette kan gi hopp i fargane. Overgang “abc” gir “abcabc...”. Triangulær bølge, som betyr at fargen vil bli gjentatt i revers, deretter frå start igjen osv. annakvar gong. Overgang “abc” gir “abccbaabcc...”.

3.1.3. Vidare informasjon

Teikneverktøya bruker såkalla “sub-piksel utjamning”. Dette betyr at dei er sett opp slik at dei mest mogleg skal unngå sagtakka kantar og overgangar. Dette kan føre til at når du nyttar verktøy som skulle gitt harde kantar, kan oppleva at overgangane bare blir gradvis påverka av verktøyet. Dette vil normalt vere ein fordel, men er av og til ei ulempe, t.d. når du skal klippe ut noe eller arbeider på svært store forstørringar. Då er blyanten den rette reiskapen i og med at denne koplar ut sub-piksel-utjamninga og såleis gir harde kantar same kva pensel du bruker.