Dette dialogvindauget viser alle dei tilgjengelege fargeovergangane som blir brukte særleg med blandeverktøyet, men også i mange andre samanhengar. (Ein fargeovergang, også kalla “gradient”, er ein gradvis overgang i ei eller anna form frå ein farge til ein annan). Ved hjelp av denne dialogen kan du gjere ein del operasjonar på overgangane. Mellom anna kan du aktivere ein bestemt fargeovergang ved å klikke på han i dialogen. Dette blir vist i verktøykassa ved at overgangen dukkar opp der. GIMP blir levert med noen titals ferdiginstallerte overgangar, men du kan også lage dine eigne ved hjelp av fargeovergangsbehandlaren. Du kan finne meir om overgangane og bruken av dei i avsnittet om fargeovergangar.
Dei fire første fire fargeovergangane i dialogen er litt spesielle i og med at dei lagar ulike overgangar mellom den aktive forgrunnsfargen og den aktive bakgrunnsfargen, eller gjennomsikt.
Forgrunn til bakgrunn (RGB): Denne fargeovergangen lagar ein overgang i RGB-modus mellom den gjeldande forgrunnsfargen og den gjeldande bakgrunnsfargen. Det er dette valet som blir sett opp når du opnar GIMP.
Forgrunn til bakgrunn (HSV med/mot klokka): Lagar ein overgang i HSV-modus ved å bruke alle fargetonene i fargesirkelen, med eller mot klokka, mellom den gjeldande forgrunnsfargen og den gjeldande bakgrunnsfargen.
Forgrunn til gjennomsikt: Lager ein overgang frå fullstendig ugjennomsiktig forgrunnsfarge til fullstendig gjennomsikt. Kan vere særleg nyttig når du arbeier med collage eller med tåkeeffeektar.
Dialogen for fargeovergangar er ein sjølvstendig dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:
frå menyen i verktøykassa:
→ →frå menyen i verktøykassa:
→ → → Dette valet opnar eit vindauge som inneheld fleire dialogar, der den eine av dei er dialogen for fargeovergangar.frå verktøykassa ved å klikka på ruta for fargeovergangar
frå biletmenyen:
→frå ein annan dialogmeny:
→eller frå eit bilete med snarvegen Ctrl+G
Den mest nærliggande bruken av dialogen er å klikke på ein overgang for å gjere denne til den aktive fargeovergangen. Kva for ein fargeovergang som er aktiv, blir vist i verktøykassa.
Dersom du dobbeltklikkar på namnet til ein fargeovergang, kan du gi overgangen eit nytt namn dersom dette er ein overgang du har laga eller installert sjølv. Dersom du dobbeltklikkar på miniatyren av overgangen vil dette opna fargeovergangsbehandlaren som kan brukast til å gjere forandringar i fargeovergangen dersom det ikkje er ein av dei førehandsinstallerte overgangane. Kanskje blir du litt frustrert over at du heile tida blir nekta å gjere forandringar? GIMP er sett opp slik at du ikkje får lov til å forandra det som kjem ferdiginstallert, bare det du lagar eller legg inn sjølv. Utanom fargeovergangane gjeld dette også penslar, mønsterelement osv. som blir lagt inn automatisk.
Frå fanemenyen kan du velje om fargeovergangane skal visast som tabell eller på listeform. Vel du
, får du opp ei liste med bilete av alle fargeovergangane. Dette kan sjå greitt ut, men det viser seg i praksis å vere vanskeleg å velje frå tabellen i og med at det er lett å bli forstyrra av dei andre visingane. Difor er visinga normalt sett til listeform, som er lettare å bruke.Du kan bestemma storleiken på miniatyrane ved å gå inn på Storleik på førehandsvisinga i fanemenyen.
Nedst i dialogvindauget finn du ein del knappar som kan brukast på ulike måtar:
Trykk på denne knappen for å opna Fargeovergangsbehandlaren.
Denne knappen opnar fargeovergangsbehandlaren med ein
enkel gråskala fargeovergang som du kan forandra etter behov.
Sjølvlaga fargeovergangar blir automatisk lagra i den
personleg mappa gradients
i
GIMP-katalogen. Overgangane i denne
mappa blir lasta inn når du starter opp
GIMP. Du kan velje å bruke andre
mapper for denne lagringa ved å gå inn på Seksjon 1.6, “
Verktøyinnstillingane
”.
Lager ein kopi av den gjeldande fargeovergangen. Du kan redigere kopien, sjølv om du ikkje får lov å redigere originalen.
Dersom du får lov til det, vil eit trykk på denne knappen fjerne alle spor etter den aktive fargeovergangen. Du blir bede om å bekrefta slettinga.
Dersom du har lagt til dine eigne fargeovergangar, vil eit trykk på denne knappen gjere desse synlege i dialogvindauget. Dette er som oftast enklare enn å starte GIMP på nytt.
Alle funksjonane som blir utførte ved hjelp av desse knappane, kan også utførast frå lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar ein eller annan stad på lista over fargeovergangar eller via
i fanemenyen:Denne menyen inneheld noen ekstra funksjonar:
Dette betyr at fargeovergangen blir lagra i eit format som blir brukt av POV-Ray 3D-ray-tracing program.
Denne kommandoen vil kopiere den fullstendige adressa for overgangsfila over på utklippstavla. Du kan deretter lime inn adressa t.d. i ein tekstbehandlar.
Denne kommandoen oppretter eit bilete fyllt med den gjeldande fargeovergangen. Du kan deretter bestemme høgde, breidde for biletet og retninga for fargeovergangen.
Fargeovergangsbehandlaren blir brukt for å redigere fargane i fargeovergangar du har laga sjølv eller kopiert frå dei som følgjer med GIMP. Dei som høyrer til systemet, kan du ikkje gjere forandringar på.
Dette er eit av dei verktøya som det kanskje vil ta litt tid å venne seg til å bruke. Tanken bak er at ein fargeovergang eigentleg er sett saman av segment. Kvart segment inneheld ein mjuk overgang frå fargen ved den eine kanten til fargen ved den andre kanten av segmentet. Med overgangsbehandlaren kan du legge inn så mange element som du har bruk for. For kvart element kan du bestemme kva farge det skal ha på kvar av sidene. I tillegg kan du også bestemme korleis overgangen mellom fargane skal sjå ut.
Overgangsbehandlaren er ein sjølvstendig dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Seksjon 2.3, “ Dialogar og samlevindauge ”. Du kan aktivere dialogen på fleire måtar:
Ved å dobbeltklikke på miniatyren av fargeovergangen i dialogen for fargeovergangar.
Frå hjelpemenyen som kjem fram når du høgreklikkar på eit namn i dialogen “fargeovergangar” og deretter vel i menyen.
Ved å trykke på knappen Fargeovergangar”.
nederst i dialogvindauget “Frå fanemenyen som kjem fram når du klikkar på den vesle trekanten i dialogvindauget. Gå inn i menyen og vel → .
I øvre del av dialogvindauget finn du ei rute med namnet på overgangen. Dersom du har lov til å redigera overgangen, kan du skrive eit høveleg namn her. Har du ikkje lov til å gjere noe med overgangen, er namnet “gråa ut”, dvs. du kan ikkje forandra det.
Den store ruta midt i dialogvindauget viser overgangen. Dersom du har aktivert Oppdatering etter kvart, vil alle forandringar du gjer bli viste medan du arbeider på overgangen, elles vil forandringane bli synlege først når du slepp opp museknappen.
Når du flytter musepeikaren rundt på visinga av overgangen, vil det dukka opp ein del data i infoområdet under biletet. Desse er relative data og er sett opp slik at t.d. posisjonen blir vist med tre desimalar frå 0,000 (venstre side) til 1,000 (høgre side). Dersom du klikkar ein stad på visinga, blir fargen under musepeikaren sett til forgrunnsfarge i verktøykassa, eller bakgrunnsfarge dersom du held nede Ctrl-tasten medan du klikkar.
Under biletet av fargeovergangen finn du ein del svarte og kvite trekantar. Dei svarte trekantane viser skillet mellom to segment, medan dei kvite trekantane blir brukte til å bestemma korleis fargane skal fordelast i segmentet. Dette er nokså likt slik den midtre glidebrytaren verkar i nivåverktøyet. Du vel eit bestemt segment ved å klikka ein eller annan staden på linja mellom dei svarte trekantane som definerer det. Du vil sjå at linja skifter farge. Du kan også velje fleire segment ved samstundes å halde nede Shift-tasten. Sidan dei markerte områda må vere samanhengande, vil også mellomliggande område bli markerte dersom du hoppar over noen. Også her er det slik at dersom det er kryssa av for “Oppdatering etter kvart” vil endringane vere synlege medan du utfører dei, elles må du vente til du slepp opp museknappen for å sjå resultatet.
Du kan altså dra dei svarte trekantane langs linja for å flytte skillet mellom to segment, eller dei kvite trekantane for å forandre forma på segmentet. Du kan også klikke på og dra markeringa for segmentet for å gjere segmentet større eller mindre. Det kan ikkje vere område utan segment i overgangen, så dersom du komprimerer eitt element, vil det elementet som ligg inntil bli utvida, og omvendt. Endeleg kan du halde nede Shift-tasten for å komprimere eller utvide fleire segment samstundes.
Glidebrytaren under trekantane blir brukt for å flytte fargeovergangen i vindauget. Brytaren er bare aktiv dersom du forstørrer visinga med knappane nedanfor.
Dersom dette valet er avkryssa, vil alle forandringane du gjer bli viste etter kvart. Elles blir forandringane ikkje synlege før du slepp opp museknappen.
Under glidebrytaren igjen er eit større område som blir brukt til å vise fargen du peikar på og ein del andre nyttige opplysningar.
Nedst i dialogvindauget finn du fem knappar:
Klikk på denne knappen for å lagra overgangen i den
personlege mappa di for fargeovergangar. (Mappa
gradients
). Neste gong du startar
GIMP, eller dersom du trykker
Oppdater-knappen i
overgangsdialogen, vil fargeovergangen din dukka
opp i lista saman med dei andre overgangane.
Klikk på denne knappen for å tilbakestilla overgangen til slik han er lagra. (Denne knappen er førebels ikkje aktivert, og verkar altså ikkje).
Klikk på denne knappen for å krympe visinga horisontalt.
Klikk på denne knappen for å utvida visinga horisontalt. Bruk glidebrytaren for å vise utvalde område av overgangen.
Tilpassar visinga av overgangen slik at han passar akkurat i vindauget.
Du kan opna denne menyen anten ved å høgreklikka på fargeovergangsbehandlaren eller ved å klikke på den øverste posten i fanemenyen. (Fanemenyen kjem fram når du klikkar på trekanten oppe i høgre hjørnet). Denne menyen blir brukt for å bestemme kantfargane for kvart element og korleies overgangen mellom desse fargane skal vere. (Legg merke til at utsjånaden til lokalmenyen er avhengig av om du har aktivert eit segment eller heile fargeovergangen).
Menyen inneheld desse postane:
Rediger fargen for sluttpunktet
Denne kommandoen opnar ein undermeny:
Ved hjelp av denne undermenyen kan du setje farge for endepunkta frå bakgrunn- og forgrunnsfargane i verktøykassa. Kvar gong du forandrar desse, vil også fargane for endepunkta bli endra. Dersom dette ikkje er ømskjeleg, kan du velje ein fast farge for endepunkta.
Her vel du farge for endepunkta ved hjelp av fargebehandlaren.
Notat | |
---|---|
Denne kommandoen er relatert til den føregåande, og er ikkje aktiv dersom du alt har vald farge. |
Denne menyen opnar for fleire alternativ for å fargelegga endepunkta. Dersom vi går ut frå at du skal hente farge til det venstre endepunktet (som synt på figuren), kan du velje mellom:
Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same fargen som det høgre endepunktet i segmentet like til venstre for det valde.
Det venstre endepunktet i det valde segmentet får same farge som det høgre endepunktet i same segmentet.
Dette valet gjer at den gjeldande forgrunns- og bakgrunnsfargen vist i verktøykassa blir tilordna endepunktet. Seinare endringar i desse fargane vil ikkje forandre fargane for endepunkta.
Desse innslaga viser ulike førehandsdefinerte fargar. Du kan legge til dine eigne fargar ved å bruke kommandoen “Lagra venstre/høgre farge til” som er omtalt nedanfor. Du klikkar på eit av innslaga for å gjere dette til aktuell farge for det venstre endepunktet i det valde segmentet.
Bruk dette valet for å legge aktuell farge til RGBA-postane nemnde ovanfor.
Fargeovergangar mellom segmenta
Med desse menyvala bestemmer du forma på overgangen. Forma blir bestemt med ein matematisk funksjon:
Dette er normalfunksjonen. Fargen skifter lineært frå det eine endepunktet til det andre.
Fargen skifter raskare ved begge endepunkta enn ved midten.
Omvendt av bøygd. Fargen skifter raskare ved midten enn ved endepunkta.
Fargeskiftinga er større på venstre side enn ved høgre side.
Fargeskiftinga er større på høgre side enn ved venstre side.
Her kan du velje mellom kva for fargemodell som skal brukast for blandinga, RGB eller HSV.
Endre segmenta
Denne kommandoen spegelvender det markerte området frå høgre til venstre.
Denne kommandoen deler det markerte området i to like store delar. Kvar del er ein perfekt, samantrykt kopi av originalen.
Denne kommandoen deler kvart segment i det markerte området ved den kvite trekanten.
Dette er nokså likt den føregåande kommandoen, men deler kvart segment i to like store delar i staden for ved dei kvite trekantane.
Vel du denne, forsvinn alle segmenta i det markerte området. Det blir sett inn ein svart trekant i midtpunktet for det området som blei sletta. Segmenta på kvar side blir utvida til trekanten for å fylle den ledige plassen.
Dette valet flyttar den kvite trekanten til halvvegs mellom dei to tilhøyrande svarte trekantane.
Dette valet fordeler dei svarte og kvite trekantane slik at det blir same avstand mellom dei.
Bland fargane
Dette valet er tilgjengeleg bare dersom meir enn eitt segment er markert.
Dette valet er bare aktivisert dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke fargeovergangar mellom segmenta.
Dette valet er bare aktivisert dersom du har markert for meir enn eitt segment, og lagar mjuke overgangar for dekkevne mellom segmenta.
Obs | |
---|---|
Du kan ikkje angra det du gjer i denne behandlaren, så ver forsiktig. Det beste er å arbeide på ein kopi. |
Alle vala kan kanskje sjå litt overveldande ut. Her er eit eksempel som vonleg vil vise at det ikkje er så vanskeleg:
Opna fargeovergangsdialogen og klikk på knappen
for å opna redigeringsvindauget. Fargeovergangen blir vist frå svart til kvit.Høgreklikk i den nye fargeovergangen og klikk deretter på Del segmentet i like delar i menyen som kjem fram. I den nye lokalmenyen som dukkar opp, bestemmer du kor mange segment du vil ha.
I lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i fargeovergangen vel du Farge for venstre endepunkt og Farge for høgre endepunkt for det valde segmentet eller dei valde segmenta.
Fortsett på same måten for dei andre segmenta. Opna deretter Blandefunksjon for segmenta i lokalmenyen og vel ein høveleg blandingsmåte.