Dette verktøyet blir brukt for å velje område på biletet etter fargelikskap. Verktøyet liknar på tryllestaven, men medan denne vel samanhengande område, plukkar vel etter farge pikslar med same farge over heile biletet, uavhengig av avstanden mellom dei. Å klikke og dra med musemarkøren på biletet har heller ingen verknad.
Du kan hente fram dette verktøyet på tre måtar:
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller ved å trykke på tasten Shift + o.
Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.
Verktøyet blir aktivisert ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Denne første pikselen du klikkar på, blir også referansepunktet for verktøyet. Du kan forandre terskelverdiane ved å klikke og dra på same måten som for tryllestaven.
Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval. (Du kan flytte omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.
Notat | |
---|---|
Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.2, “ Felles verktøyinnstillingar ”. Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her. |
Desse er omtalte under felles innstillingar for utvalsverktøya
Alle desse innstillingane verkar på same måten som omtalt under verktøyinnstillingane for tryllestaven.