2.5. Tryllestaven

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-15 kost

Figur 13.14. Symbolet for tryllestaven i verktøykassa

Symbolet for tryllestaven i verktøykassa

Tryllestaven, eller “verktøyet for å markera samanhengande område”, blir brukt for å velje ut samanhengande område i det aktive laget eller biletet med meir eller mindre same farge.

Når du nyttar dette verktøyet, er det svært viktig å velja det rette startpunktet. Vel du feil, kan resultatet bli nokså langt frå det du hadde venta deg.

Tryllestaven er eit godt verktøy for å velje ut område med skarpe, markerte kantar. I tillegg er det morosamt å bruka det, så nybegynnarane likar ofte dette verktøyet svært godt. Etterkvart vil kanskje gleda blir bytt ut med frustrasjon over at du ikkje greier å gjere nøyaktig det utvalet du ønskjer. Meir frustrerande er det kanskje likevel at etter at du har sleppt museknappen, kan du ikkje gjere endringar i utvalet. Er du misnøgd, må du gjere alt om igjen. Etter kvart vil du kanskje finne ut at verktøya for bane og vel etter farge er vel så nyttige. Du bør likevel ikkje avskriva tryllestaven. Han er fin til å velje ut eit område innføre eit omriss, og for å retta opp unøyaktige markeringar. Vidare er han ofte svært nyttig for å velje einsfarga eller nær einsfarga bakgrunnar eller større fargeflater.

Legg merke til at det valde området forplantar seg utover frå sentrum. Det spreier seg ikkje bare til nærliggande fargepunkt, men kan også gjere små hopp. Kor lange desse hoppa kan vere, bestemmer du i verktøyinnstillingane under innstillingar i brukarinnstillingane. Ved å auka eller minska “terskelverdien” i avsnittet “vel samanhengande område” kan du gjere tryllestaven meir eller mindre aggressiv. Ver bare klar over at dette også påverkar fylle- og blande-verktøya.

2.5.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på tre måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyUtvalsverktøyaTryllestaven,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller ved å trykke på tasten U.

2.5.2. Valtastane (førehandsinnstilde)

Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.

2.5.3. Å forandre utvalet

Figur 13.15. Bruk av tryllestaven

Bruk av tryllestaven

Dei utvalde pikslane er nærliggande


Tryllestaven blir aktivert ved at du klikkar på eit fargepunkt i biletet. Du vil då sjå korleis markeringa flyt utover som vatn over eit flatt lende etter kvart som punkta med liknande farge som startpunktet blir markerte. Du kan kontrollera kor like fargane må vera for å bli tatt med i utvalet ved å flytta musepeikaren nedover eller mot høgre. Dess lenger du flyttar peikaren, dess større område. Flytter du peikaren oppover eller mot venstre, blir området redusert.

Korleis du kan flytte dette utvalet er nærare omtalt i avsnittet å flytte utval. (Du kan flytte omrisset for utvalet med piltastane, men ikkje med musepeikaren).

2.5.4. Verktøyinnstillingar

Figur 13.16. Innstillingane for tryllestaven

Innstillingane for tryllestaven

Du får fram verktøyinnstillingane ved å klikka, eventuelt dobbeltklikka på verktøyikonet i verktøykassa.

[Notat] Notat

Mange av innstillingane er meir eller mindre felles for alle utvalsverktøya, og er nærare omtalte i Seksjon 2.1.2, “ Felles verktøyinnstillingar. Bare innstillingar som er spesifikke for dette verktøyet er omtalte her.

Modus; Kantutjamning; Mjuke kantar

Desse er felles for alle utvalsverktøya.

Å finne liknande fargar

Dette er innstillingar som påverkar måten tryllestaven utvidar seg på ut frå det valde startpunktet.

Vel gjennomsiktige område

Dersom denne er avmerka, vil tryllestaven kunne markere også gjennomsiktige område. Elles blir ikkje gjennomsiktige område inkluderte i utvalet.

Flett synlege

Dette valet kan vere relevant når du har mange lag i biletet, og det aktive laget anten er litt gjennomsiktig eller er sett til ein annan modus enn normal. Dersom dette er tilfelle, vil fargane i laget vere annleis enn fargane i det synlege biletet. Tryllestaven vil, dersom du har kryssa av for dette valet, reagere på fargane slik dei ser ut for oss. Dersom valet er umarkert, vil tryllestaven reagere bare på fargane i det aktive laget. Sjå nærare i ordboka under Utvalsfletting.

Terskel

Denne glidebrytaren bestemmer kor like fargane må vere fargen i du startar med. Dess større verdi, dess større område blir markert. Dersom du etter det første knappetrykket drar peikaren nedover eller til høgre, vil området bli større. Drar du peikaren oppover eller til venstre, vil området bli redusert. Du har såleis eigentleg ikkje bruk for denne brytaren til anna enn eventuelt å minske avstanden du må flytta peikaren.

Vel etter

Her kan du bestemma kva biletkomponentar som skal brukast for å rekne ut likskapen. Normalinnstillinga er “samansett”, dvs. ein kombinasjon av alle.

Du kan velje mellom følgjande komponentar: Raud, Grøn, Blå, Kulør, Metning og Lysverdi.