3.10. Kloning

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-25 kost

Figur 13.65. Symbolet for “kloning” i verktøykassa

Symbolet for kloning i verktøykassa

Kloneverktøyet nyttar den aktive penselen for å kopiere data frå eit bilete over til eit anna bilete eller ein annan stad i det same biletet. Det viktigaste bruksområdet er å reparera digitale foto ved å male over problemområdet med andre data henta frå biletet. Det kan ta litt tid å læra seg teknikkane, men det er vel verd å prøve seg. Eit anna bruksområde er å teikne mønster eller kurver. Sjå nærare om dette i Seksjon 11, “ Mønsterelement.

Dersom du ønskjer å klone frå eit område i det biletet du arbeider med, eller frå eit heilt anna bilete, må du fortelje GIMP kvar for område som skal kopierast. Dette gjer du ved å halde nede Ctrl-tasten medan du klikkar i det aktuelle området. Før du har gjort dette, vil markøren ha utsjånad som eit “forbodsskilt”.

Dersom du klonar frå eit mønsterelement, vil kloninga bli flislagt. Dette betyr at dersom du kjem utanfor kanten av mønsterelementet, vil kopieringa halde fram frå den motsette sida omlag som om elementet skulle vere lagt side om side i eit uendeleg mønster. Dette gjeld ikkje dersom du klonar frå eit bilete. Kjem du utføre kanten av biletet, vil kloninga stoppe opp.

Du kan klone til og frå alle teikneflatene, dvs. lag, lagmasker og kanalar. Dersom du skifter til snarmaske, kan du også klone til og frå utvalsmasker. Dersom kloninga fører til at du prøver å klone fargar som ikkje blir støtta, t.d. dersom du klonar frå eit RGB-område til eit indeksert område, vil fargane bli tilpassa den næraste valøren.

3.10.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyKloning,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen C.

3.10.2. Valtastane (førehandsvalde)

Sjå oversynet over valtastane for omtale av dei tastane som er felles for mange av teikneverktøya.

Ctrl

Denne tasten blir brukt for å markere kjelda for kloninga dersom du klonar frå eit bilete. Ingen effekt dersom du klonar frå eit mønster. Du kan klone frå eitkvart lag i eit bilete ved å klikke på biletet eller det aktive laget medan du held Ctrl-tasten nede. Dersom du har vald å hente data frå eit fast punkt, vil data bli henta frå dette punktet. Har du vald å hente data relativt, vil data bli henta frå eit punkt som flytter seg relativt i høve til posisjonen til markøren. Er det kryssa av for direkte, vil data bli henta direkte over eller under markøren. Du finn nærare forklaringar nedanfor.

3.10.3. Verktøyinnstillingane

Figur 13.66. Innstillingane for “kloneverktøyet

Innstillingane for kloneverktøyet

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å (dobbelt)klikka på verktøsymbolet i verktøkassa.

Dekkevne, modus, pensel, skalering, trykkfølsemd, uttoning, sitring, hard kant
Kjelde

Her bestemmer du om kloneverktøyet skal hente data frå eit av dei opne bileta eller frå gjeldande mønsterelement.

Bilete

Dersom du vel å klone frå eit bilete, må du fortelje GIMP kva lag i biletet som skal brukast som kjelde ved å Ctrl-klikka på det.

Mønsterelement

Du kan få fram oversynet over dei tilgjengelege mønstra ved å klikka i ruta for mønsterelement. Dette er bare tilgjengeleg dersom du har aktivisert mønsterelement som kjelde.

Innretting

Her kan du bestemma korleis posisjonen du skal henta data frå skal samsvara i høve til penselstrøka.

(Det ser ut til at desse funksjonane ikkje er ferdig utarbeidde. Valet “ingen” er sikkert tiltenkt ein annan funksjon enn den det har nå. “Frå fast punkt” er ikkje omtalt i hjelp, men gjer omlag det same som “ingen”).

I det følgjande eksemplet er kloninga henta frå eit kjeldebilete og lagt inn på eit målbilete. (Målet kunne også ha vore eit lag i kjeldebiletet).

Figur 13.67. Originalbiletet for innrettingseksemplet

Originalbiletet for innrettingseksemplet

Det er brukt den største penselen. Kjelda er den innringa krossen.

Originalbiletet for innrettingseksemplet

Eit bilete med einsfarga bakgrunn. Vi skal teikne tre klonestrøk etter kvarandre.


Ingen

Kvart penselstrøk bli behandla individuelt. Data blir henta frå det punktet du har markert som datakjelde. Det er ikkje noe samband mellom eit strøk og det neste. Ulike penselstrøk vil som oftast lage ugreie dersom dei kryssar kvarandre.

Figur 13.68. Innretting: “Ingen

Innretting: Ingen

Etter kvart strok går klonekjelda tilbake til utgangsposisjonen. Kloninga vil alltid vere frå same området.


Relativt

Med dette valet aktivert, vil det første klikket du gjer etter at du har sett klonepunktet (punktet der data blir henta frå) bestemma avstand og retning mellom klonepunktet og avsettingspunktet. Alle seinare kloningar vil bruke den same forskyvinga, heilt til du gjer eit nytt val ved å setje eit nytt klonepunkt (Ctrl-klikk) og deretter klikke på eit nytt avsettingspunkt.

Figur 13.69. Innretting: “Relativ

Innretting: Relativ

Alle kloningane vil ha same avstand og vinkel mellom kjelda og målet som det førre strøket. Det er dåleis ikkje noe forskyving for det første strøket. I dei følgjande strøka ender klonekjelda opp på lerretet utanfor biletet. Difor det litt avkorta resultatet.


Direkte

Innrettinga “direkte” verkar noe ulikt i høve til dei andre metodane. Når du kopierer frå eit bilete, vil Ctrl-klikk registrere eit kjeldelag. Når du kloner på mål-laget vil dei tilsvarande pikslane frå kjelde-laget bli overførte. Sjølv om du kan bruke dette til å klone frå eit bilete til eit anna, er metoden særleg nyttig for å flytte deler av eit lag over i eit anna lag i same biletet.

Når du bruker eit mønsterelement som kjelde, kan du tenke deg at dette er eit eige lag fylt med mønsteret.

Figur 13.70. Innretting: “Direkte

Innretting: Direkte

For kvart einaste penselstrøk vil data bli plukka frå kjelda i den posisjonen musepeikaren har på målet. Her er mål-laget mindre enn kjelde-laget, så her er det ingen avkortingar.


Fast punkt

Kjeldepunktet er fiksert til ein og same staden. Sjølv om du teiknar linjer, vil data bli henta frå same punktet.

Figur 13.71. Innretting: “Fast punkt

Innretting: Fast punkt

Kjelda er fiksert. Det same punktet blir repetert heile tida.


3.10.4. Meir informasjon

Gjennomsikt

Måten kloneverktøyet påverkar gjennomsikt er litt komplisert. Gjennomsikt kan i seg sjølv ikkje klonast. Prøver du å klone frå ei gjennomsiktig kjelde, vil ingenting skje. Klonar du frå ei delvis gjennomsiktig kjelde, vil resultatet bli avhengig av kor gjennomsiktig biletet du klonar på er. Dersom du klonar på eit fullstendig ugjennomsiktig bilete med harde verktøy, blir resultatet slik:

  • Å klone gjennomsiktig svart på kvit gir grå.

  • Å klone gjennomsiktig svart på svart gir svart.

  • Å klone gjennomsiktig kvit på kvit gir kvit.

  • Å klone gjennomsiktig kvit på svart gir grå.

Kloninga kan ikkje gjere eit bilete meir gjennomsiktig, men det kan gjere det mindre gjennomsiktig dersom valet “Ikkje endre gjennomsikt” ikkje er slått av for det aktuelle laget. Klonar du eit opakt område på eit gjennomsiktig område, vil resultatet bli opakt. Klonar du eit gjennomsiktig område på eit gjennomsiktig område, vil resultatet bli eit tettare, dvs. meir opakt, bilete.

Filter-penslar

Det finst ein del andre, ikkje særleg opplagte måtar å bruke kloneverktøyet på. Ein av dei tinga du kan gjere, er å lage “filterpenslar”. Altså å lage ein effekt som minner om å legge til eit filter med ein pensel. For å gjere dette, lagar du ein kopi av laget du arbeider på og legg det ønskte filteret til kopien. Bruk kloneverktøyet i direktemode, og klon frå det nye laget over til det gamle laget.

Historikkpensel

Du kan bruke ein liknande teknikk for å imitere Photoshops “History brush”, som gjer at du kan angre og gjenta endringar utførte med pensel. Også her byrjar du med å lage kopi av det biletet du arbeider på. Gå tilbake til originalen og finn tilbake i angreloggen til det ønskte biletet, anten ved å angre eller ved å bruke angredialogen. Dette må gjerast i originalen fordi kopieringa ikkje kopierer angreloggen. Aktiver kloneverktøyet med kjelde til bilete og justeringa til direkte. Ctrl-klikk på eit lag i det eine biletet og mal på det tilsvarande laget på det andre biletet. Avhengig av korleis du gjer det, vil du nå få anten ein “angrepensel” eller ein “gjentapensel”.