4.4. Beskjering

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-29 kost

Figur 13.99. Symbolet for “beskjering” i verktøykassa

Symbolet for beskjering i verktøykassa

Dette verktøyet blir først og fremst brukt for å beskjere biletet, dvs. å skjere vekk meir eller mindre av biletkantane for å framheva motivet eller gi betre balanse i biletet. Det kan også vere nyttig når du har behov for å ha biletet i eit bestemt format.

Tilliks med utvalsverktøya, blei også beskjeringsverktøyet forbetra i GIMP versjon 2.4. Handtaka i kvart hjørne av beskjeringsrektangelet blir nå bare brukt til å forandra storleiken på rektangelet, ikkje for å flytte det. Dette for å få verktøyet meir i samsvar med dei andre verktøya i GIMP. For å flytte beskjeringa, klikkar du nå ein stad inne i rektangelet og drar det til ønskt stad. Ved å klikke og dra i eit av handtaka, kan du utvida rektanelet i ei eller to retningar. Det er også tilsvarande handtak for kvar side i rektangelet. Det er råd å gjere alt som kjem utanfor beskjeringsrektangelet mørkare slik at det er lettare å sjå korleis utskjeringa blir. Når alt er slik du vil ha det, klikkar du på innsida av rektangelet, eller trykker Enter-tastene, for å utføre klippinga.

Når musepeikaren viser flyttemerket, kan du bruke piltastane for å flytte beskjeringsrektangelet ein piksel om gongen. Held du nede Shift-tasten vil kvart steg bli på 25 pikslar.

Du kan bruke hjelpelinjer for å plassere beskjeringsområdet. Sjekk eventuelt at valet VisFest til hjelpelinjene er aktivert.

4.4.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på to måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyBeskjering,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller ved å bruke tastekombinasjonen Shift + C.

[Tips] Tips

Ein annan, og raskare måte å beskjere utval er ved hjelp av funksjonen BileteBeskjer til utvalet i biletmenyen.

4.4.2. Valtastane (førehandsvalde)

Snarvegar

Tastekombinasjonen Shift + C vil endre det aktive verktøyet til beskjeringsverktøyet.

Valtastane

Når du klikkar inne i beskjeringsrektangelet og held nede museknappen vil handtaka forsvinne.

  • Trykk på Ctrl-tasten for å slå av og på Ekspander frå sentrum.

  • Trykker du nå ned på Shift-tasten vil du kunne slå av og på funksjonen Fast.

4.4.3. Verktøyinnstillingar

Figur 13.100. Innstillingane for verktøyet “beskjering

Innstillingane for verktøyet beskjering

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.

Bare dette laget

Gjer at verktøyet verkar bare på det aktive laget.

Tillat forstørring

Dette betyr at kantane av beskjeringsrektangelet kan gå utanfor bilet- eller lagkanten. Biletet vil få same formatet som beskjeringsrektangelet.

Figur 13.101. Eksempel på bruk av “Tillat forstørring

Eksempel på bruk av Tillat forstørring

Valet er aktivert og du kan teikne beskjeringsrektangelet utanfor biletkanten.

Eksempel på bruk av Tillat forstørring

Resultatet blir eit bilete med same forma som beskjeringsrektangelet. Området utanfor originalbiletet blir gjennomsiktig.


Ekspander frå sentrum

Denne funksjonen gjer at beskjeringsrektangelet vil utvida seg frå der du først klikka, med klikkpunktet som midtpunkt. Du kan slå denne funksjonen av og på med Ctrl-tasten medan du teiknar rektangelet.

Fast

Gjer at beskjeringa held seg til eit fast forhold mellom breidde og høgde. Du kan skrive inn dette forholdet i dialogvindauget.

I dette valet kan du bestemma korleis beskjeringa skal bli i høve til originalbiletet. Du kan også slå dette valet av og på ved hjelp av Ctrl-tasten.

  • Sideforhold: Dette er det førehandsinnstilde valet. Forholdet mellom breidde og høgde blir det same som i originalbiletet.

  • Breidde / Høgde: Breidda eller høgda blir halde på den verdien som er sett i innskrivingsruta nedanfor. Førehandsvalet er sett til 100 pikslar.

  • Format: Breidda og høgda blir bestemt av tala i innskrivingsruta nedanfor. Formatet kan skrivast inn som to tal med ein bokstav mellom, eksempelvis som “150x100”. Beskjeringsrektangelet vil bli sett til desse dimensjonane så snart du klikkar inne i biletet. Heilt til høgre finn du to knappar. Den første knappen gjer at formatet blir i ståande, dvs. i høgdeformat. Den andre at det blir liggande, dvs. i breiddeformat.

Posisjon

Desse to tekstrutene viser koordinata for det øvre, venstre hjørnet for beskjeringsrektangelet. Den venstre ruta viser horisontal og den høgre ruta vertikal posisjon. Du kan også skrive i boksane og såleis frandre posisjonen for rektangelet. Måleeininga er til vanleg pikslar, men du kan få fram ei liste over andre måleeiningar ved å klikke på knappen px. Koordinata har nullpunktet i det øvre, venstre hjørnet av lerretet, ikkje biletet.

Storleik

Den venstre ruta viser breidda og den høgre ruta høgda på beskjeringsrektangelet. Du kan også skrive i desse rutene. Måleeininga er til vanleg pikslar, men du kan få fram ei liste over andre måleeiningar ved å klikke på knappen px.

Utheving

Dersom denne er aktivert, vil området utanfor beskjeringsrektangelet bli gjort mørkare for å utheve rektangelet.

Hjelpelinjer

Alle typar hjelpelinjer er omtalte i Seksjon 2.2, “ Rektangelutvalet

Autokrymp

Denne knappen vil prøve å finne ein kant i det aktive laget og legge beskjeringsrektangelet mest mogleg inntil denne kanten. Denne funksjonen er nyttig bare dersom det finst område som skil seg tydeleg ut frå bakgrunnen.

Figur 13.102. Eksempel på bruk av “Autokrymp

Eksempel på bruk av Autokrymp

Eit bilete med skarpe avgrensingar og eit beskjeringsrektangel.

Eksempel på bruk av Autokrymp

Eit trykk på autokrymp-knappen resulterer i at beskjeringsrektangelet er tilpassa dei skarpe avgrensingane.


Krymp fletta

Normalt vil autokrymp bruke data frå det aktive laget. Dersom “krymp fletta” er aktivert, vil det i staden bli brukt data frå alle synlege lag.