Dette verktøyet blir brukt når du har behov for å lage eit utval på frihand ved å teikna med musepeikaren medan du held nede den venstre museknappen. Når du slepp museknappen, vil det siste punktet i markeringa bli kopla saman med det første punktet med ei rett linje. Du kan gå på utsida av biletet og kome inn att, dersom du har behov for det. Lassoen er nyttig når du bare treng eit grovt og unøyaktig utval, men er dårleg eigna til å lage presise utval. Bruker du GIMP ofte, vil du kanskje finna at det er enklaste ofte å grovteikna med frihandsutvalet for deretter å bruke snarmaska for å finjustera detaljane.
Notat | |
---|---|
Har du tilgang på digitalt teiknebrett, vil du finne at dette er mykje enklare i bruk saman med lassoen enn datamusa. |
Du kan hente fram dette verktøyet på tre måtar:
frå biletmenyen via
→ → ,ved å klikke på symbolet i verktøykassa
eller ved å trykke på tasten F.
Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar for valtastane utover dei som er omtalte under felles valtaster.
Sjå å flytte utval om korleis du kan flytte frihandsutval.
Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å (dobbelt)klikke, på symbolet i verktøykassa.
Dette verktøyet har ingen spesielle innstillingar utover dei som er omtalte i Seksjon 2.1.2, “ Felles verktøyinnstillingar ”.