Dette verktøyet blir brukt til å klone i det perspektivet du ønskjer. Først bestemmer du perspektivlinjene på same måten som i verktøyet forandre perspektiv. Deretter vel du perspektivkloning og kloner på same måte som ved bruk av kloneverktøyet.
Du kan aktivere dette verktøyet på fleire måtar:
Frå biletmenyen via
→ → ,eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa.
Ctrl-klikk for å velje kjelde for kloninga, dvs. området det skal klonast frå.
Dersom du trykker denne tasten, vil du sjå ein tynn strek mellom det punktet du sist klikka på som kjeldeområde og til musepeikaren. Dersom du klikkar igjen, medan du held nede Shift-tasten, vil verktøyet klone langs denne linja.
Du får fram verktøyinnstillingane for dette verktøyet ved å (dobbelt-)klikka på symbolet i verktøykassa.
Når du skal perspektivklone, må du først Forandre perspektiv. Dette verkar på same måten som i verktøyet perspektiv. Deretter vel du perspektivkloning og bruker verktøyet på same måten som kloneverktøyet.
Notat | |
---|---|
Desse er nærare omtalte under kloneverktøyet.