4.6. Skalering

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-29 kost

Figur 13.106. Symbolet for “skaleringsverktøyet” i verktøykassa

Symbolet for skaleringsverktøyet i verktøykassa

4.6.1. Oversyn

Dette verktøyet blir brukt til å skalere, dvs. å forstørre eller forminske lag, utval eller banar.

Når du klikkar på biletet med dette verktøyet, kjem det opp eit dialogvindauge som gir deg høve til å skrive inn verdiar for breidde og høgde. Alt etter kva førehandsvising du har vald i verktøyoppsettet, kan det også dukke opp eit rutenett eller ei ramme som viser omrisset av området som skal skalerast. I kvart hjørne av rutenettet er det eit firkanta handtak som du kan dra i for å forandra storleiken. Du kan flytte førehandsvisinga ved å ta tak i den prikken som kjem fram midt i biletet.

4.6.2. Aktivere verktøyet

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøySkaler,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller ved å bruke tastesnarvegen Shift + T.

4.6.3. Valtastane (førehandsvalde)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tastene for å behalda sideforholdet uendra.

4.6.4. Verktøyinnstillingar

Figur 13.107. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.

Transformér, interpolasjon, klipping, førehandsvising
[Notat] Notat

Transformasjonen verkar bare på det aktive laget. Ønskjer du å skalere alle laga, bruker du skaler biletet i staden.

Uendra proporsjonar

Uendra proporsjonar: Dersom denne funksjonen er aktivert, vil forholdet mellom breidde og høgde heile tida vere det same som i det opphavlege laget eller utvalet når du flytter på eit hjørne. Funksjonen verkar ikkje på sidehandtaka. Legg merke til at funksjonen også påverkar lenkinga mellom høgde og breidde i dialogvindauget.

4.6.5. Dialogvindauget

Figur 13.108. Skaleringsinformasjon

Skaleringsinformasjon

Breidde/Høgde

Viser gjeldande breidde og høgde for skaleringa. Du kan skrive nye tal i rutene for å forandre skaleringa. Den vanlege måleeininga er pikslar, men dette kan du forandre i nedtrekkslista. Dersom lenka til høgre for rutene er broten, kan du skrive inn breidde og høgde uavhengig av kvarandre.