4.7. Forskyvingsverktøyet

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-29 kost

Figur 13.109. Symbolet for “forskyvingsverktøyet” i verktøykassa

Symbolet for forskyvingsverktøyet i verktøykassa

Dette verktøyet blir brukt til å forskyve ein del av eit bilete, eit lag, eit utval eller ein bane i ei bestemt retning og den andre delen i motsett retning. For eksempel kan den øvre delen av eit bilete bli forskjøve mot høgre. Då vil den nedre delen bli forskjøve tilsvarande not venstre. Startar du med eit kvadrat ender du opp med ei rombe. I motsetning til rotering, vil forskyvinga uroe biletet. Avhengig av valet du har gjort for førehandsvisinga, vil det kanskje dukke opp eit rutenett eller ei ramme med eit firkanta handtak i kvart hjørne. Du kan utføre forskyvinga ved å klikke-og-dra i handtaka. Biletet blir ikkje forandra før du trykker på knappen Forskyv dialogvindauget som dukkar opp når du bruker verktøyet.

Figur 13.110. Eksempel på forskyving

Eksempel på forskyving

[Notat] Notat

Du kan ikkje forskyve begge vegane samstundes, men må bruke verktøyet to gonger.

4.7.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaForskyv,

  • ved å klikka på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastatursnarvegen Shift + S.

4.7.2. Verktøyinnstillingar

Figur 13.111. Verktøyinnstillingane

Verktøyinnstillingane

Oversyn

Du kan få fram innstillingane for dette verktøyet ved å klikke, eventuelt dobbeltklikke, på symbolet i verktøykassa.

Transformér, retning, interpolasjon, klipping, førehandsvising

4.7.3. Dialogvindauget

Figur 13.112. Dialogvindauget for “forskyv-verktøyet

Dialogvindauget for forskyv-verktøyet

Forskyv X

Her bestemmer du kor mykje biletet skal forskyvast vassrett. Ein positiv verdi vil forskyve mot høgre (medsols), ein negativ verdi mot venstre (motsols).

Forskyv Y

Her bestemmer du kor mykje biletet skal forskyvast loddrett. Ein positiv verdi vil forskyve nedover (medsols), ein negativ verdi oppover (motsols).