3.14. Gni ut

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-21 kost

Figur 13.80. Symbolet for “gni ut” i verktøykassa

Symbolet for gni ut i verktøykassa

Dette verktøyet bruker den aktive penselen for å gni fargane utover i det aktive laget eller i det aktive utvalet. Verktøyet plukker opp farge undervegs og blandar denne med den neste fargen det møter. Du kan bestemme kor sterk utsmøringa skal vere.

3.14.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaGni ut,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen S.

3.14.2. Valtastane (førehandsvalde)

Shift

Gjer at verktøyet gnir utover i rette linjer. Held du nede Shift-tasten medan du klikkar med venstre museknapp vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.

Ctrl

Tastekombinasjonen Ctrl + Shift gjer at verktøyet teiknar i vinklar delelege med 15°. (15°, 30° osv.)

3.14.3. Verktøyinnstillingar

Figur 13.81. Innstillingane for verktøyet “gni ut

Innstillingane for verktøyet gni ut

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøykassa

Dekkevne, pensel, trykkfølsemd, uttoning, sitring, hard kant
Grad

Med denne glidebrytaren kan du bestemme kor sterk utgnidinga skal vere for kvart strok. Dess høgare tal dess større verknad.