3.15. Avskygging/Etterbelysning

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-02-21 kost

Figur 13.82. Symbolet for “Avskygging/Etterbelysning” i verktøykassa

Symbolet for Avskygging/Etterbelysning i verktøykassa

Verktøyet for avskygging eller etterbelysning bruker aktiv pensel for å gjere fargane i biletet lysare (avskygging) eller mørkare (etterbelysning) avhengig av modusinnstillinga. Opphavet til denne funksjonen finn vi i mørkerommet, der fotografen kunne gjere deler av biletet lysare ved å skygga for lyset frå forstørringsapparatet, eller mørkare ved å gi ein ekstra dose med lys, dvs “etterbelyse” biletet der dette måtte vere ønskjeleg.

3.15.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • frå biletmenyen via VerktøyTeikneverktøyaAvskygging/Etterbelysning,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen Shift + D.

3.15.2. Valtastane (førehandsvalde)

Ctrl

Hald nede Ctrl-tasten for å skifter mellom vald funksjon (avskygging eller etterbelysning). Skiftet er aktivt så lenge du held tasten nede.

Shift

Shift gjer at verktøyet teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar på venstre museknapp, vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet. Du kan halde fram med nye klikk.

3.15.3. Verktøyinnstillingar

Figur 13.83. Innstillingane for verktøyet “Avskygging/etterbelysning

Innstillingane for verktøyet Avskygging/etterbelysning

Oversyn

Du får fram verktøyinnstillingane ved å trykka på, (eller i noen tilfelle dobbeltklikka på) verktøysymbolet i verktøykassa

Dekkevne, pensel, skalering, trykkfølsemd, uttoning, sitring, hard kant
Type

Innstillinga “type” bestemmer kva som skal vere standard arbeidsmodus. Verktøyet vil skifte til den modus som ikkje er vald når du held nede Ctrl-tasten.

Avskygging gjer fargane lysare.

Etterbelysning gjer fargane mørkare.

Verkeområde

Her bestemmer du kva fargetype verktøyet skal verke sterkast på. Du kan velje mellom

  • Skyggar: verknaden er sterkast på mørke fargar.

  • Mellomtoner: verknaden er sterkast på fargar i mellomskiktet.

  • Lyse toner: verknaden er sterkast på lyse fargar.

Eksponering

Definerar kor sterk verknaden skal vere på biletet. Normalinnstillinga er 50, men kan varierast frå 0 til 100. Dess høgare verdi dess sterkare verknad.