13.2. Å lage figurar

  1. Å teikne ulike geometriske figurar er vel ikkje det GIMP blir brukt mest til, men det er fullt mogleg. Til vanleg lager du desse enklast med teknikken frå Figur 7.32, “ Biletet viser eit nytt bilete med kvit bakgrunn eller ved å bruke eit av utvalsverktøya slik vi vil vise det her. Opprett eit nytt bilete og forsikra deg om at forgrunn- og bakgrunnsfargane er ulike.

  2. Figur 7.36. Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelutvalet.

    Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelutvalet.

    Grunnleggjande figurar som rektangel og ellipse er lette å få til ved hjelp av utvalsverktøya. Her vil vi bruke rektangelutvalet som eksempel. Klikk på denne i verktøykassa og lag eit utval på teikninga di. Dette gjer du ved å klikka der du ønskjer det øvre, venstre hjørne av utvalet skal vere og flytter musepeikaren (slik den raude pila viser på figuren Figur 7.36, “ Biletet viser korleis du kan lage eit rektangel med rektangelutvalet. ) medan du held nede den venstre museknappen. Slutt når rektanglet er så stort som du vil ha det. Er du usikker på dette, kan du kikke nærare på Seksjon 2, “Utvalsverktøya”.

  3. Figur 7.37. Biletet syner eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Biletet syner eit rektangelutval fylt med forgrunnsfargen

    Når du har laga eit utval, kan du fylle dette medforgrunnsfarge ved hjelp av fyll-verktøyet , eller du kan teikne omrisset med kommandoen Strek opp utvalet i Rediger-menyen. Er du misfornøgd med resultatet kan du bare fjerne utvalet.