13. Enkle teikneobjekt

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2492 $ 2007-01-26 KoSt

I denne seksjonen får du ei lita innføring i korleis du kan bruke GIMP for å laga enkle basisfigurar. GIMP har ei stor samling verktøy og snarvegar som kan gjere nybyrjaren heilt fortapt. Heldigvis er det, som du vil sjå, ikkje så vanskeleg.

13.1. Å teikne ei rett linje

La oss byrje med å teikne ei rett linje. Den lettaste måten er å gjere dette med eitt av teikneverktøya, datamusa og tastaturet.

Prosedyre 7.1.  Å teikne ei rett linje

  1. Figur 7.32. Biletet viser eit nytt bilete med kvit bakgrunn

    Biletet viser eit nytt bilete med kvit bakgrunn

    Opprett eit nytt bilete og finn fram favoritten din blant teikneverktøya eller bruk blyanten dersom du er i tvil. Vel foregrunnsfarge. Forsikra deg om at forgrunn- og bakgrunnsfargane er ulike. (Normalt er forgrunnsfargen svart og bakgrunnsfargen kvit).

  2. Figur 7.33. Den svarte prikken på biletet viser startpunktet for linja

    Den svarte prikken på biletet viser startpunktet for linja

    Lag eit startpunkt ved å klikke på området for biletvisinga med den venstre museknappen.

  3. Figur 7.34. Biletet viser hjelpelinja som indikerer den ferdige linja

    Biletet viser hjelpelinja som indikerer den ferdige linja

    Etter at du har markert startpunktet for linja, held du nede Shift-tasten medan du flytter musepeikaren til der du ønskjer linja skal slutte. Du vil sjå ei tynn linje som indikerer kvar streken din vil hamna.

  4. Figur 7.35. Når du er nøgd med plasseringa av linja, slepp du opp museknappen og linja er permanent.

    Når du er nøgd med plasseringa av linja, slepp du opp museknappen og linja er permanent.

    Skulle du ikkje sjå linja, kontroller at forgrunns- og bakgrunnsfargane er ulike. I noen tilfelle må du kanskje klikka ein gong til på museknappen for å festa streken. Du kan halde fram med nye strekar med utgangspunkt i endepunktet for denne streken ved å halde nede Shift-tasten. Prøv deg fram.